Utval for levekår har i møte 22.03.23 gjort vedtak om å sende  forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnsteneste, Sogndal kommune, Vestland, på høyring.

Forskrifta vil gjelde tildeling av langtidsopphald til alle som har rett på helsehjelp frå kommunen og som oppheld seg her.

Vi oppmodar alle til å gje innspel til høyringa. Les gjennom forskrifta, og send oss høyringsfråsegn skriftleg.

Slik kan du gje høyringsfråsegn:

  • pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no
  • via elektronisk skjema for høyringsuttale
  • pr. brev til: Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal (må vere poststempla innan den 25.05. for å bli teke med)
  • levere skriftleg fråsegn til våre besøksadresser i opningstida:
  • Gravensteinsgata 17 (kommunehuset), 6856 Sogndal
  • Riverdalen 5 (Leikanger bibliotek,), 6863 Leikanger
  • Holmen 11 (Holmatunet, 3. etasje), 6899 Balestrand

Dersom du ikkje klarar å gi oss fråsegn, ta kontakt per telefon 57 65 25 00.

Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnsteneste, Sogndal kommune, Vestland (pdf)

Vesentlege endringar frå siste forskrift


Etter kommunesamanslåinga i 2020, har det ikkje blitt utarbeida ny forskrift. Forskrifta som har vore gjeldande var laga av gamle Sogndal kommune i 2017. Ein har difor utarbeida ei ny forskrift, som er felles for Sogndal kommune, og som gir oss reglar for tildeling i den nye kommunen. 


Det er mykje likt i dei to forskriftene når det gjeld innhaldet i reglane, men det har kome med eit par nye reglar. Den nye forskrifta inneheld nye paragrafar som omtalar venteliste, overflytting og korleis ein legg til rette for at par kan bu saman på institusjon og eller rom.

Verdigheitsgarantiforskrifta § 4 bokstav i. bestemmer at kommunen skal legge til rette for at par som ønskjer det skal få bu saman. Det har ved fleire høve blitt stilt spørsmål frå innbyggjarar om ektepar/ sambuarar kan få bu på institusjon saman. I den nye forskrifta har ein difor omtala korleis ein opnar for dette dersom «ektepar eller sambuarpar har rett på langtidsopphald» (§7) og dersom «den eine ektefellen eller sambuaren har rett på langtidsopphald» (§ 8).

Per no har vi institusjonar i Balestrand, på Leikanger og i Sogndal. Det blir så langt det let seg gjere forsøkt å tildele langtidsopphald nærast mogleg der innbyggjaren har budd, eller ønskjer plass. Ved nokre høve kan ein oppleve at det ikkje er plass ved ønskja institusjon, og at ein blir tildelt langtidsopphald ein annan stad enn føretrekt. I slike tilfelle, kan ein bli sett på venteliste, slik at ein kan bli overført til ønskja institusjon ved høve, jf. § 10 i forskrifta.  Når det er mogleg, og tilbodet på institusjonen er rett ut i frå den enkelte sitt helsemessige behov, vil det bli tilbydd plass.  Dette betyr òg at om det vert ein ledig plass som ikkje samsvarer med det helsemessige behovet, vil ein ikkje ha rett på overflytting og plassen vert tilbydd annan brukar. Til dømes vert det ledig plass på skjerma avdeling, medan brukaren ikkje har behov for skjerma avdeling.

Kriterium for tildeling av langtidsopphald er forsøkt tydeleggjort. Vurdering av om ein person skal tildelast langtidsopphald, er ei skjønsmessig vurdering ut i frå behovet til den enkelte. Det er likevel slik at langtidsopphald er reservert til personar som ikkje på nokon annan måte kan få forsvarleg og naudsynt helsehjelp. Nokre kommunar har lista opp mange moment som skal vurderast, medan nokre kommunar ikkje listar opp. Faren ved å liste opp er at ein går glipp av moment, og vidare at sakshandsaminga vert meir omfattande enn naudsynt. Ved vurdering om ein brukar har rett på langtidsopphald, skal alle relevante moment vere del av vurderinga og følgje lovar og reglar på rettsområdet. 

Konsekvensane av vedtak av den nye forskrifta er at reglar som har vorte praktisert, er nedskrive i forskrifts form, og at vi har fått nye reglar om gjer at innbyggjarane kan krevje å få si sak løyst i samsvar med forskrifta. 

Det er kommunestyret sjølv som har mynde til å gjere vedtak om forskrift, etter at høyringa er gjennomført.