Utvalet ber særskilt om synspunkt på korleis ein kan organisere skjenking i lokale i tilknyting til lokal produksjon av øl, sider og vin av druer.

Føremålet med ruspolitisk handlingsplan er at den skal vere eit styringsdokument for kommunen i dei kommande åra i arbeidet med å førebyggje rusrelaterte helsemessige - og sosiale problem og samordne kommunen sin rusmiddelpolitikk og satsing. Planen er eit bindeledd mellom kommuneplanen sin samfunnsdel - som viser mål og retning, og økonomiplanen. Dei rusmiddelførebyggande satsingane i planen vil inngå i kommunen si folkehelseplanlegging.

Kommunen er i samsvar med alkohollova § 1-7d pålagt å utarbeide ein kommunal alkoholpolitisk handlingsplan. Alkoholpolitisk handlingsplan er implementert i rusmiddelpolitisk handlingsplan, og dei alkoholpolitiske retningslinene inngår i planen.

Målet er ein heilskapleg politikk ved å sjå løyveordningar og anna førebygging og folkehelsearbeid i samanheng med arbeidet på rehabiliteringsområdet.

Du kan sende høyringsinnspel til postmottak@sogndal.kommune.no

Merk e-posten med "Høyringsinnspel rusmiddelpolitisk handlingsplan".

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024 - 2028 høyringsutkast

Saksframlegg Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024 - 2028

Saksprotokoll utval for levekår 13.03.24 - Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024 - 2028

Høyringsfrist 25. april 2024