Lang prosess med brei medverknad
Arbeidet med å finne gode løysingar for kontorlokala har pågått sidan 2022, og har vore prega av omfattande medverknad frå dei tilsette i fleire runder. Målet har vore å skape betre rammer for samhandling, fleksibilitet og trivsel for dei administrativt tilsette, samtidig som ein tek omsyn til politiske føringar om innsparingar og effektiv arealbruk. Arbeidsgrupper og partssamarbeidet har vore sentrale i utforminga av løysingane, og det har vore lagt vekt på å forankre prinsippa i arbeidsgjevarpolitikken til kommunen.
Slik blir kontorløysingane
- Sogndal sentrum: Kontorplassane for administrativt tilsette blir samla på Campus i Svingenbygget, 2. etasje. Ulike typar arbeidsplassar, fleksibelt innreia og tilpassa ulike arbeidsoppgåver. Kommunehuset blir avvikla som kontorlokale når Saften på Leikanger vert teken i bruk. IKT held fram i Dalavegen 2, det same gjer funksjonane for born og familiar.
- Leikanger (Saften): Base for ordførar, kommunedirektør og overordna leiing, i samsvar med det som vart avtala i samanslåinga. Lokala her blir særleg rigga for møter, gruppearbeid og kreative økter, i tillegg til ulike typar arbeidsplassar og stillerom.
- Fleksible løysingar: Det blir ikkje faste oppmøtestader, men tilsette møter der teamet eller eininga har behov for fysisk samhandling. Lokala er utforma etter prinsipp for aktivitetsbaserte arbeidsplassar (ABW), med ulike soner for stillearbeid, samhandling og møter. Enkel booking av rom og standardisert utstyr bidreg til å gjere arbeidskvardagen føreseieleg, og gjer det mogeleg for tilsette å jobbe der det er mest nyttig til ei kvar tid.
Drøftingsprosess og medverknad
Saka vart drøfta i møte 11. september 2025, utan merknad frå tillitsvalde eller vernetenesta. Prosessen har vore prega av openheit og involvering, og det er lagt opp til vidare medverknad også i innflyttingsfasen og ved eventuelle justeringar dei første månadene etter at dei nye løysingane er tekne i bruk.
Ulike synspunkt blant dei tilsette
Det har kome fram mange ulike synspunkt blant dei tilsette, både når det gjeld plassering og utforming av kontorplassane. I ei så stor sak, der mange blir påverka, vil det alltid vere nokon som ikkje får det heilt slik dei ynskjer. Kommunen har lagt vekt på å lytte til innspel og finne løysingar som balanserer ulike behov. Omsynet til god samhandling, trivsel og det å fremje ein felles kultur har vore vektlagt tungt, i tillegg til at den enkelte skal kunne ha ein enklast mogeleg privatlogistikk.
Nytt liv i Fjøra
Med denne avklaringa for kontorlokale for administrativt tilsette, blir det siste av dei tradisjonelle kommunehus-bygga i Sogndal kommune frigjort til ny aktivitet. Rådhuset i Balestrand og Tinghuset på Leikanger er allereie i ferd med å få nye funksjonar, og no blir også kommunehuset i Sogndal ledig når Saften vert teke i bruk i 2026. Dette opnar for nye moglegheiter i ein viktig del av sentrum. Utval for plan og samfunn har vedteke å sette i gang eit mogelegheitsstudie for framtidig bruk av kommunehuset i Sogndal, der målet er å involvere innbyggjarar og lokalsamfunn i å finne løysingar som kan skape nytt liv og bidra til ei positiv sentrumsutvikling. Studiet skal sikre at alle perspektiv vert tekne med, og bidra til at eigedomen kan bli ein ressurs for fellesskapet framover.
Totaløkonomi og attraktivitet
Løysinga er vurdert med utgangspunkt i totaløkonomi over tid, samt kva som skapar ein attraktiv arbeidsplass for Sogndal kommune som arbeidsgjevar. Som leigetakar kan ein justere areal undervegs når behova endrar seg, utan å binde kapital i oppgraderingar eller eige ansvaret for kostnader til vedlikehald og drift av eigen bygningsmasse. Samstundes gir det høve til å nytte kommunehuset i Sogndal til andre føremål – føresett at dei ikkje løyser ut større bygningsmessige tiltak – slik at eigedomen anten kan redusere driftskostnader andre stadar (ved samlokalisering) og/eller skape leigeinntekter. Frå medverknadsarbeidet er det ei tydeleg tilbakemelding om at attraktive lokale og god beliggenheit er ein viktig faktor for å rekruttere og halde på kompetanse. Det vert spelt inn at det å vere ein del av Campus‑miljøet styrkjer dette ytterlegare, med tilgang til eit større arbeidsplassmiljø, tett samspel med HVL og andre offentlege og private aktørarar, og lett tilgjengelege møtestadar som gjer kvardagen enklare.
Har kommunehuset vore vurdert?
I arbeidet har kommunehuset vore vurdert som eit alternativ til plassering i Sogndal. Når valet om Campus no er gjort, er det på grunngjeve med nokre viktige faktorar:
- Det har vore eit viktig moment å kunne redusere tal kontorlokalitetar i Sogndal. Spreiing på fleire stadar er tungvindt, dyrt å drifte og bidreg negativt til samhandling og fellesskapskjensle. Kommunehuset slik det er utforma no, med relativt store cellekontor, har ikkje nok plass til å samle dei administrativt tilsette på ein stad. Det betyr at ein i praksis måtte ha helde fram med fleire lokalitetar i Sogndal, eller gjort ei totalrenovering av kommunehuset.
- Bygget held ikkje dagens standard som kontorlokale. Dårleg inneklima, lite samhandlingsvenleg utforming og dårleg akustikk er dei viktigaste, men ikkje dei einaste problema. Dette vil i seg sjølv løyse ut behov for ei omfattande rehabilitering dersom ein skulle ha nytta bygget som kontorbase i Sogndal framover.
Kva ville ei rehabilitering ha kosta?
Kommunehuset i Sogndal har ei grunnflate på 550 m² og to etasjar med kontor. Med utgangspunkt i Norsk Prisbok og vanlege kalkylar for offentlege kontorbygg frå 1950-talet, er kostnaden for å oppgradere bygget til moderne standard estimert til om lag 56 millionar kroner inkl. mva. føresett eit middels kostnadssenario. Dette inkluderer nye tekniske anlegg, universell utforming med heis, brann- og lydoppgradering, energieffektivisering, oppgradering av overflater, sanitær, elektro/IKT og ventilasjon. I tillegg er det lagt inn påslag for rigg og drift, prosjektering, miljøsanering og usikkerheit. Gitt investeringa i nytt kontorbygg på Saften, kommunen si samla lånegjeld og eit samla vedlikehaldsetterslep på 800 mnok vert dette alternativet sett vekk frå av reine økonomiske omsyn. Det ville uansett ha gitt ei mindre attraktiv og fleksibel løysing for framtida.
Tilgjengelegheit for innbyggjarane
I 2022 vart det gjort politisk vedtak om å samle innbyggjartorg, bibliotek og frivilligsentral i alle tettstadane i kommunen. I Balestrand er denne løysinga allereie på plass frå i år, medan det på Leikanger vert løyst gjennom ombygginga av Saften og blir tilgjengeleg frå neste år. I Sogndal er prosessen i gang, med mål om å samle desse funksjonane på Kulturhuset. Når dette er på plass, vil innbyggjarane få ein meir tilgjengeleg kommune, og behovet for tenestetorg på kommunehuset blir fjerna.
Sakshandsamarar med publikumskontakt vil få godt tilrettelagde lokale på dei nye innbyggjartorga i Sogndal, på Leikanger og i Balestrand. I tillegg vil digitale løysingar gjere det mogleg å møte sakshandsamarar og få hjelp til tekniske spørsmål, sjølv om dei ikkje er fysisk til stades. Samla sett vil desse endringane gi innbyggjarane langt betre tilgang til kommunale tenester og støtte, og bidra til ein meir moderne og brukarvennleg kommune.
Korleis er dette bestemt?
Avgjerda er gjort partssamansett i drøftingsmøte i samsvar med kommunedirektøren sitt delegerte mynde og i samsvar med kommunelova §13-1. Etter kommunelova og delegasjonsreglementet har administrasjonen mynde til å disponere og avgjere kva kontorlokale kommunen nyttar. Arbeidet har gått føre seg sidan 2022 og vore forankra i politiske føringar om å samle innbyggjartorg, bibliotek og frivilligsentral i kvar tettstad, samstundes som avgjerda om kontorplassering er gjort i samsvar med arbeidsmiljølova §8-2. Heile prosessen er gjennomført i tråd med Hovudavtalen og arbeidsmiljølova sine krav til informasjon, drøfting og medverknad, med systematisk involvering av tillitsvalde, vernetenesta, miljøretta helsevern og omfatta einingar undervegs. I drøftingsmøtet 11. september 2025 vart hovudgrepa stadfesta utan merknad frå partane. Løysinga som no vert sett i verk, byggjer såleis både på administrativt ansvar for effektiv arealbruk og på ein open, føreseieleg og medverknadsbasert prosess der innspel frå dei tilsette er vegne inn i den endelege avgjerda – i samanheng med måla om betre tilgjenge for innbyggjarane og eit meir samlande arbeidsplassmiljø.
Vidare arbeid
Det vidare arbeidet vil handle om å operasjonalisere dei nye løysingane, med sonekart, skilting, rutinar for booking og utstyr, samt vidare involvering av tilsette og vernetenesta. Erfaringar og eventuelle justeringar vil bli rapportert tilbake til partssamansette organ etter 3 og 6 månader.
Vedlegg: