Brenning av avfall utgjer ei fare for forureining

Til tross for mange påminningar er det dessverre nokon som trur at bålet er staden for å kvitte seg med avfall.  All brenning av avfall er ulovleg og i strid med plikta til å unngå forureining etter forureiningslova.

Det generelle bålforbodet gjeld frå og med 15. april til og med 15. september. Sogndal kommune minner om at det berre er lov å brenne reint treverk som greiner, kvister og ubehandla treverke. Alt anna er avfall og skal leverast til godkjent avfallsmottak.  

Slik påverka det miljøet og helsa

Eit vanleg bål gjev ikkje ei fullstendig forbrenning der avgassane vert reinsa. Brenninga kan då leie til store utslepp av ulike miljøgifter. Restestoff som ikkje kan brytast ned kan akkumulere seg i næringskjeda, og over tid forverre forureiningssituasjonen på både regionalt og nasjonalt nivå.

Resultatet av ukontrollert brenning er spreiing av partiklar som kan vere svært skadelege for menneskje, dyr og miljø. Inhalering av røyk frå brenning av avfall kan føra til luftvegsproblem, hjarte- og karsjukdommar, og i nokre tilfelle kreft. Born, eldre og personar med eksisterande helseproblem er spesielt utsett.

Brenning av avfall kan og føre til at grunnen blir forureina, og dette kan føre til problem for grunneigar i ettertid. Eigedomar med forureina grunn skal i utgangspunktet tinglysast som eit hefte og kan avgrensa bruken av området.

Avfall bør nyttast som ein ressurs

Det er og viktig å hugse på at mykje av avfallet er ein ressurs for samfunnet om dette vert levert til eit avfallsmottak som resirkulera og handsama avfall. Det er eit sentralt prinsipp at alle skal betale prisen det kostar å handsame avfallet sitt på ein forsvarleg måte. Open brenning av avfall bidreg til å undergrave avfallsanlegga og arbeidet det er å handsame avfallet på ein forsvarleg måte.

For hushaldningane har kommunen lovpålagt innsamling av hushaldningsavfall, og det er miljøstasjonar for levering av avfall i Festingdalen, på Kvålen og på Dragsvik.

Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

For å hindra forureining og helseproblem er det vedteke ei lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar i Sogndal kommune.

Du risikerer store utgifter

Kommunen skal føre tilsyn med all form for open brenning og brenning av avfall i småomnar.

Om det vert oppdaga at avfall har vorte brent, vil me vurdera om du som forureinar må kartleggje om brenninga har ført til forureining av grunnen, og om denne må fjernast. Dette må du som forureinar betale, og det kan fort bli ein stor kostnad.

Tips oss

Kommunen ynskjer tips om forsøpling slik at me kan ta kontakt med den ansvarlege. Om avfallet har vorte tent på må du varsla brannvesenet på telefon 110.

Tips oss om forsøpling på e-post: postmottak@sogndal.kommune.no  og merk denne “melding om forsøpling”