Fredag var elevrådsrepresentantar frå Trudvang skule og Kvåle skule henta inn for å vera med og finna ut korleis den nye skulen på Trudvang bør vera. Det skulle dei gjera saman med tilsette ved skule og kommunen, politikarar og representantar frå selskapa som er med i konkurransen om å utforma skulen.

Verdas beste skule

Deltakarane vart sette saman i grupper som fekk kvar sin del av skulen dei skulle sjå på. Oppdraget var å syna kva som må til for å laga verdas beste skule, og til slutt skulle dei byggja det dei hadde kome fram til av Lego-klossar.

Samskapingsmøtet vart leia av ph.d. stipendiat Bjarnhild Samland, og inngår i forskingsprosjektet «Samskaping for eit berekraftig Sogn», eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Sogndal kommune, Sogn regionråd og Sogn næring.

- Me vil at barna skal vera likeverdige partar i arbeidet med å planlegga den nye skulen. Saman skal barn og vaksne utforska kva som er viktig for barn og unge. Me ynskjer å løfta fram elevane si stemme slik at dei vert høyrde og tekne på alvor, seier ho.

Fargerikt i Lego

I løpet av dagen bygde deltakarane mellom anna modellar av uteområde, musikkrom, skulekjøken og naturfagsrom av fargerike Lego-klossar. Og meir fargar var noko av det elevane ønskte seg på den nye skulen. Dei vil også gjerne ha store uteområde, gode sitteplassar, klatrestativ og tampolinepark og store fotballbaner og garderobar.

Elevane oppmoda også til å tenkja annleis når ein skal utforma skulen, og kom med denne samanlikninga:

- Viss me ser på ein bil frå 1900-talet og ein bil i dag, så er det stor forskjell. Men viss me samanliknar eit klasserom på 1900-talet og eit klasserom i dag, så er det ikkje mykje som har forandra seg.

Møtet på Trudvang skule fredag er det andre samskapingsmøtet om den nye skulen der elevar deltek. No skal fem firma jobba til oktober med å laga forslag til korleis den nye skulen skal sjå ut. Så skal eitt av dei veljast, før det bli eit nytt samskapingsmøte for å gjera vinnarforslaget endå betre.

Bygging av den nye skulen startar etter planen nær andre del av 2025, og den nye skulen er planlagd å stå ferdig i 2027.