Åslaug Brænde, kommunalsjef for helse og omsorg, hadde først ei innleiing om situasjonen når me no går inn i ein nye kommune. Så vart det opna for spørsmål og moglegheit for dialog med representantar for dei ulike tenestene innan helse og omsorg i kommunen.

- Me ynskjer å få med oss nokre gode råd, sa Åslaug Brænde, og understreka at det er viktig å snakka saman om korleis ein ynskjer at tenestene skal vera.

I forkant av dialogmøtet hadde ho møte med eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og brukarutvala i dagens tre kommunar.

Initiativet til møtet kom frå Annbjørg Alrek, leiar for råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Balestrand.

- Det er inspirerande å snakka saman, og eg er spent på korleis det blir i den nye kommunen. Det er viktig at administrasjonen veit kva me jobbar med, og at me får formidla det me er opptekne av, seier ho.