Vaksineringa skal skje på følgjande stader og tidspunkt:

Balestrand:
Balestrand legekontor
tysdag 2. november kl 16:30 - 19:00
onsdag 3. november kl 13:00 - 16:00

Leikanger: 
Leikangerhallen/Saften
tysdag 26.10. kl 09:00 - 15:00
onsdag 27.10. kl 09:00 - 15:00

Sogndal:
Kantina ved Sogndal helse- og omsorgssenter
måndag 25.10 kl 09:00 - 18:00
tysdag 26.10. kl 09:00 - 15:00

I første omgang vil vaksina berre vera tilgjengeleg for personar i risiko for alvorleg forløp ved influensa. Det gjeld:

  • personar over 65 år
  • barn og vaksne med diabetes 
  • barn og vaksne med kroniske sjukdomar i hjarte, luftvegar, lever, nyre eller nervesystem
  • personar med svært alvorleg fedme 
  • gravide frå 12. svangerskapsveke
  • personar med nedsett immunforsvar
  • husstandsmedlemmer til personar med nedsett immunforsvar

Influensavaksine for personar i risikogruppene er gratis.

Vaksine mot lungebetennelse med pneumokokkar vil også vera tilgjengeleg. Personar i risikogruppene er tilrådd slik vaksine kvart 10. år.
Denne kostar kr 400,-.