Me er glade for tolmodet de har synt i samband med oppgradering av vass- og avløpsanlegget i Navarsetevegen, og me arbeider alle for at denne skal avsluttast so raskt som mogleg. Om det er konkrete tiltak/ønskjer de har for å betra kvardagen, ber me om at de tek kontakt med byggeleiar Eirik Rygg på tlf. 45 63 85 80 eller e-post eirik.rygg@sogndal.kommune.no.

Vassforsyning

Dei siste dagane har det vore mykje inn- og utkobling av vatn, samt at fleire har fått dårleg trykk. Dei største utkoplingane er no gjennomførte. Det vil ikkje verta endringar i vassforsyninga før me gjer den siste omkoplinga om ca. 14 dagar.

Tilkomst

25. november skal alle eigedommar ha tilkomst via dei grøne pilene på illustrasjonen over. Etter at entreprenøren har grave igjen sone A, B og C og startar på sone X, vil tilkomsten endra seg og bli etablert via dei raude pilene. Gravearbeidet vil også kryssa Navarsetevegen i toppen av Grøtbakken. Det vil bli gitt nærmare varsel før dette gravearbeidet vert starta.

Entreprenøren skal til ei kvar tid sikra trygg og tilfredstillande tilkomst til eigedommane. Det har vore nokre dungar med pukk som fleire har måtta forsera, desse skal fjernast, og det vil bli grusa gangtilkomstar til dykk. Markavegen er sett av til parkering for dei som treng det.

Framdrift

  • Oppgraving og attfylling av sone A: Fram til 27. november. (Tilkomst via grøn pil er då reetablert.)
  • Attfylling av sone C: Fram til 2. desember. (Tilkomst via raud pil vert etablert.)
  • Attfylling av sone B: 30. november til 4. desember. (Tilkomst via raud pil vert etablert.)
  • Oppgraving og arbeid i sone X: 4.-7. desember og fram til 15. desember (Alle eigedommar har tilkomst via raude piler.)
  • Asfaltering 15. desember.

Tryggleik

Det er utfordrande å jobba med store maskiner og lastebilar i eit so trongt område. Alle førarane held sjølvsagt utkikk so godt dei kan. Me ber likevel alle som lyt passera maskiner og utstyr som er i drift, om å

  • få kontakt med føraren slik at de er sikkre på at han har sett dykk
  • halda best mogleg avstand