Du kan ta korona- og influensavaksine samtidig. Me set då vaksinane i kvar sin arm. Alle over 65 år bør ta begge vaksinane.

Du vil få den oppdaterte koronavaksinen Comirnaty Omicron XBB.1.5 frå Pfizer. Koronavaksinen er gratis, og influensavaksinen kostar 200 kroner.

Sogndal kommune hadde dropp inn-vaksinering 24. og 25. oktober i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Viss du ikkje fekk gjort det då, men ynskjer vaksine, kan du ta kontakt med fastlegen din.

Desse bør ta influensavaksine årleg

  • Personar som bur i omsorgsbustad eller sjukeheim
  • Alle fra fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særlig barn fødde før veke 32 i svangerskapet, fra 6 månedar til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og diabetes type 2.
    • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt.
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade.
    • nedsett immunforsvar.
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40).
    • annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din mener kan gjera deg ekstra utsett ved influensa.

Meir informasjon: Vaksine mot influensa - Helsenorge

Desse bør ta koronavaksine hausten 2023

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at følgande grupper bør ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine før høst/vintersesong 2023/24:

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim.
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe.
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.
  • Barn 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom legen til barnet vurderer dette som viktig. For barn under 12 år som treng koronavaksine er det spesielle vaksinar, og det vil bli eigen vaksinering seinare for desse på Sogndal helsestasjon.
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko. 

Meir informasjon: Koronavaksine - Helsenorge