Dette blir gjort for å få like retningsliner for taksering og det same tidspunktet for verdimåling for alle eigedomar i kommunen. Det er vedteke eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen.

Kommunens sakkunnige takstnemnd gjennomfører arbeidet med ny hovudtaksering for eigedomsskatt. Dei fastset dei nye takseringsretningslinene for eigedomsskatt i kommunen og vedtek takstverdi for eigedomane.

Takseringsfirmaet Jeessaa AS vil gjera synfaringsarbeidet for sakkunnig takstnemnd. Hovudtakseringa skal vera ferdig før 1. juli 2021.

Kva eigedomar skal takserast?

For alle bustadeigedomar (inklusiv leiligheiter) som får fastsett skattemessig bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten, er det vedteke at slik bustadverdi skal nyttast som grunnlag for eigedomsskatt. Slike bustadeigedomar blir difor ikkje synfarte/takserte.

Det blir kommunal taksering av til dømes bustader på landbrukseigedom, fritidseigedomar, næringseigedomar, tomter og energianlegg (kraftnett).

Synfaring av eigedomar

Det vil bli gjort ei utvendig synfaring av alle eigedomar som skal takserast. Ved synfaringa hentar takseringsfirmaet inn informasjon om eigedomen som seinare blir brukt når sakkunnig takstnemnd skal fastsetja takstverdien. Det blir ikkje fastsett takstverdi for eigedomen ved synfaringa.

Det er ikkje naudsynt at eigar av eigedomen deltek på synfaringa. Dersom eigar ynskjer å vera med på synfaringa, må det sendast skriftleg melding om det før 20. november, gjerne på e-post til eigedomsskattekontor@sogndal.kommune.no. Takseringsfirmaet vil då ta kontakt og gjera nærare avtale.

Synfaringsdelen av hovudtakseringa startar rundt 20. november. Takseringsfirmaet vil nytta gule arbeidsvestar og ID-kort frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om den nye hovudtakseringa, kan du ta kontakt med kommunen:

E-post:
eigedomsskattekontor@sogndal.kommune.no

Post:
Sogndal kommune
Postboks 153
6851 Sogndal

Telefon innbyggartorget:
57 65 25 00

Brev/e-post som gjeld den nye hovudtakseringa, skal merkast med:

Eigedomsskatt ny hovudtaksering

Ta også med:

  • Namn på eigar
  • Telefonnummer til eigar
  • Gards- og bruksnummer (og eventuelt festenummer/seksjonsnummer)
  • Vegadresse

Denne informasjonen blir også send ut til kvar enkelt eigar av eigedom i Sogndal kommune.