Mange av dei bustadene kommunen disponerer i dag vart etablerte for fleire tiår sidan. Dei er i ulik teknisk stand, og ikkje alltid eigna for dei behova som bebuarane har i dag. Kommunen har også solgt ei rekke omsorgsbustader i Stedjevegen, der eit utbyggingsprosjekt skal sikre ny bruk av området. Samstundes veit vi at behovet for tilrettelagde bustader kjem til å auke i framtida, både fordi vi blir fleire eldre og fordi fleire med samansette utfordringar skal bu heime lengre. Det gjer det nødvendig å fornye og omorganisere delar av bustadtilbodet vårt. 

Dette arbeidet handlar ikkje berre om bygg, men også om å skape betre samanheng mellom bustad og tenester. Når vi samlar ressursane våre betre, kan vi organisere personalet meir effektivt, sikre betre tilgjenge til rett kompetanse, og legge til rette for at kvar enkelt bebuar får den oppfølginga som faktisk trengst. 

Vi veit at flytting og endringar i bustadsituasjonen kan vere krevjande – både for bebuarar og pårørande. Difor ønskjer vi å ha openheit og medverknad i prosessen. Endringane skal skje gradvis og planlagt og i dialog med dei det gjeld. Målet er å sikre at alle bebuarar får ivaretekne behova sine, og at vi samstundes rustar kommunen til å møte framtidige utfordringar innan helse og omsorg. 
 
Fyljande endringar er per tid planlagt for 2026, og informert ut om til berørte tenestemottakarar og tilsette denne veka: 

Bebuarar tilknytt teneste for rus og psykisk helse, i dag busett i Stedjevegen, flyttar til omsorgsbustader i Fossetunet i løpet av 2026. Tenesta endrar også lokasjon for kontor og base hit. Fossetunet vil såleis vera eit «hus for psykisk helse og rus», med bustader, dagleg tenestetilbod og dagsenter, samt kontor og base for eit samla fagmiljø.  

Bebuarar som bur i Fossetunet i dag vil i 2026 få tilbod om ny omsorgsbustad. Endringa skal skje i tett dialog og etter medverknad med kvar enkelt, og tilbod om ny bustad vil bli gitt ut frå omsorgsbehovet til den enkelte. Bebuarane vil i hovudsak bli busett i omsorgsbustader kommunen eig frå før. Det kan også bli behov for å tilføre nokre nye omsorgsleiligheter. 

Bebuarar knytt til tenesta bu og miljø, i dag busett i Stedjevegen, vil i løpet av 2026 få medverke til prosjekt for oppføring av nye bustader. Det er førehandsutlyst to konsept på Doffin, for oppføring av til saman 16-20 omsorgsbustader særskilt utforma for denne gruppa med tenestemottakarar. Endeleg løysing er ikkje landa, men målet er å ha nye bustader klare i løpet av 2026.  
 
 

Kvifor gjere endringar i Fossetunet? 

Fossetunet har vore eit viktig bustadtilbod over lang tid. For å dekkje ulike omsorgsnivå og utnytte ressursane betre, vil Fossetunet framover bli nytta på ein annan måte enn i dag. Dagens bruk av bustadene gir ikkje alltid høve til den tilrettelegginga og tryggleiken som trengst, og personellressursar blir spreidde. Ved å gjere endringar kan vi i større grad sikre at bebuarane får dekka sine faktiske behov, samstundes som vi organiserer tenestene meir berekraftig. 

For nokre av bebuarane i Stedjevegen, som no har fått beskjed om flytting, er behova annleis samansette enn hos dei som bur i Fossetunet i dag. Dette gjer at bustadene i Fossetunet er betre eigna for dei. Her vil dei få ein heim som er tilrettelagd for deira behov, med nærleik til personale og gode høve for koordinert oppfølging og tryggleik i kvardagen.  

Ved å samle bustader og tenester på Fossetunet får også kommunen høve til å bruke ressursane meir effektivt. Det legg til rette for betre samhandling, tettare oppfølging og auka tryggleik for bebuarane. 
 

Nye omsorgsbustader for tenestemottakarar i bu- og miljøtenesta 

For nokre av bebuarane i Stedjevegen, som ikkje skal flytte til Fossetunet, er situasjonen no at bustadene deira er selde, og dei har fått beskjed om dette. Kommunen er derfor i gang med å planleggje nye omsorgsbustader som skal erstatte desse. 

Kommunen har skissert to konsept for dei nye bustadene. Det eine omfattar skjerma bustader – mindre einingar for personar som har behov for ro, stabilitet og tryggleik. Her vil hovudvekta liggje på eigen bueining med nærliggande personalbase. Det andre konseptet er bustader med fellesskap, planlagt nærare sentrum. Desse vil leggje til rette for sosiale møteplassar, aktivitetar og butrening, og kan òg romme dagtilbod for dei som ikkje har behov for heildøgnstenester, men som har nytte av fellesskap og støtte i kvardagen. 

I arbeidet med desse bustadene ønskjer kommunen å skape rammer for ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag. Bustadene skal vere universelt utforma, slik at dei kan nyttast over tid og tilpassast endra behov. Utforminga skal leggje til rette for tryggleik – både gjennom nærleik til personale og med tekniske løysingar som støttar kvardagen. Bustadene skal vere fleksible og kunne tilpassast ulike behov, samstundes som dei gir rom for både fellesskap og skjerming. 

Kommunen har publisert ei rettleiande kunngjering for å førebu marknaden på kommande anbodskonkurranse. Det blir lagt opp til at leverandørane skal tilby både tomt og nøkkelferdige bustader, utforma etter funksjonskrav og rammer som kommunen definerer. På denne måten kan marknaden bidra med framtidsretta løysingar, samstundes som kommunen sikrar kvalitet, tryggleik og gode bukvalitetar. 

Eit viktig mål i arbeidet er brei medverknad. Kommunen vil involvere tilsette, bebuarar og pårørande, brukarutval og andre relevante aktørar både i arbeidet med utlysinga og – i nokon grad – gjennom sjølve byggeprosessen. Målet er å sikre at dei nye bustadene fungerer godt for bebuarar, pårørande og personale – ikkje berre no, men òg i framtida. 
 

Til deg som må flytte 

Du som no har fått melding om framtidig flytting frå omsorgsbustaden din vil så snart som mogeleg, og i god tid før flytting, få tilbod om ein annan bustad. Den nye bustaden skal vera utforma slik at nødvendige behov for tryggleik, tilrettelegging og oppfølging blir teke i vare, og samsvare med det omsorgsbehovet du har. Tildelingskontoret i kommunen, og representantar frå tenestetilbodet du mottek, vil vera i jevn kontakt med deg framover. Slik vil du få medverke til kva for bustad som vil vera den rette for deg å flytte til.  
 
Informasjonen som no er formidla, er delt på eit så tidleg tidspunkt som mogleg, med ynskje om at du skal vera individuelt informert. Du skal ha motteke informasjon både munnleg og skriftleg. Du, og dine pårørande der dette er naturleg, vil framover bli fulgt opp med vidare informasjon.  

Me har stor forståing for at det kan opplevast som ei stor belastning å skulle flytte til ein ny omsorgsbustad. Me ynskjer å gjere det me kan for å bidra til ei trygg og god oppleving for deg, og håpar at du tek kontakt med oss dersom du har spørsmål.