Sogndal kommune har eit utbrot av korona i Balestrand. I videoen under informerer ordførar Arnstein Menes og smittevernlege Leiv Erik Husabø mellom anna om kva som har vorte gjort, kva råd kommunen har fått frå Folkehelseinstituttet, kva det betyr å vera i karantene - og kva det har hatt å seia for utviklinga av dette utbrotet at den første som vart sjuk, testa seg slik at ein raskt kunne få sett nærkontaktane i karantene.

Både ordføraren og smittevernlegen uttrykkjer forståing for at folk kan føla seg urolege i den situasjonen me no har i kommunen. Dei understrekar at det no er ekstra viktig at alle følgjer dei generelle smittervernreglane om halda avstand til andre, vaska hendene og halda seg heime og testa seg om ein er sjuk.

Videoen kan du sjå her:

(Viss ikkje tekstinga kjem opp automatisk, må du klikka på ikonet for teksting under filmen på Youtube).