Pågåande og planlagde tiltak

  • Pluggkøyring av hovudleidningsnettet

Vi planlegg å gjennomføre reingjering av leidningsnettet ved hjelp av pluggkøyring. Dette vil bidra til å fjerne biofilm og avleiringar som kan påverke vasskvaliteten. Arbeidet krev grundig førebuing og kan føre til kortvarige avbrot.

  • Undersøking av nye grunnvasskjelder

Det er planlagt boring av nye prøvebrønnar i området, med mål om å finne ei alternativ råvasskjelde med betre kvalitet og kapasitet. Dette inngår i arbeidet med å sikre ei trygg og stabil forsyning.

  • Etablering av nye reinsesteg (infiltrasjon)

Vi vurderer å etablere eit nytt infiltrasjonstrinn for reinsing av råvatn. Dette vil styrke reinsinga og betre sluttkvaliteten på drikkevatnet.

Tidsramme

Desse tiltaka krev prosjektering, godkjenningar og anbod. Det betyr at forbetringa vil ta tid, og vi kan førebels ikkje gi ei eksakt dato for når kokevarselet kan opphevast. Kommunen prioriterer dette arbeidet høgt.

Reduksjon i vassgebyret

Sidan august 2024 har alle abonnentar tilknytt Hodlekve vassverk fått 50 % reduksjon i vassgebyret. Denne reduksjonen vil bli vidareført fram til problema er løyste.

Ettersom arbeidet tek lengre tid enn først venta, vil kommunen etter sommarferien vurdere om det er grunnlag for ytterlegare gebyrreduksjon. Dette kan få tilbakeverkande kraft, og vil bli vurdert som ei felles sak for alle abonnentar tilknytt Hodlekve vassverk.