For at alle abonnentar skal få nok vatn og tilstrekkeleg vasstrykk til vanleg forbruk, ber me om forståing for at du må vera forsiktig med vatning.

Frå 1. juni til 31. august 2021 kan du vatna slik:

  • Eigedomar med partalsadresse kan vatna inntil ein time (handhalden slange med munnstykke) i tidsrommet 20.00-23.00 på dagar med partalsdato (2,4,6 ...).
  • Eigedomar med oddetalsadresse kan vatna inntil ein time (handhalden slange med munnstykke) i tidsrommet 20.00-23.00 på dagar med oddetalsdato (1,3,5 ...).

Det er lov å vatna med kanne alle dagar.
Vatning av plen med spreiar og vatning med open slange er ikkje tillate.

Kommunen orsakar ulempene dette vil medføra.

Dersom du er tilknytt jordbruksvassleidninga, gjeld ikkje dette. Vatnet i denne leidninga går utanom reinseanlegget, og er ikkje drikkevatn.