Sogndal kommune har fått anmoding frå IMDi om å busetja 140 flyktningar i 2022.

- Innstillinga i dei kommunale tenestene er at dette skal me klara, og i Sogndal kommune skal me gjera det me kan for å hjelpa flyktningane som i tida framover vil koma for å bli busette her, seier kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo.

Det er stort engasjement i kommunen vår for å hjelpa flyktningane, og dette set me stor pris på.

- Å ta imot så mange flyktningar vil kreva ein stor innsats, både frå dei tilsette i kommunen, men også frå innbyggarane våre.

Frivillige som ynskjer å gjera ein innsats, kan melda seg til frivilligsentralen. Dei som har private hus kommune kan få nytta, kan melda dette inn via eit skjema på nettsida.

Sjå opptak av orienteringa til formannskapet 17. mars i videoruta under: