Basert på råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa vedteke å forsterka smitteverntiltaka.

Dei nasjonale tiltaka vart oppdaterte 6. januar og utvida med ein dag, og er no førebels gjeldande til 19. januar.

Oversikt over dei nasjonale smitteverntiltak frå januar 2021 finn du på regjeringen.no.

Sogndal kommune oppmodar alle om å følgja dei nasjonale smitteverntiltaka. Regjeringa kom 3. januar også med nye tiltak i kommunar og regionar med mykje smitte. Desse er førebels ikkje aktuelle for Sogndal kommune.