- Det har vore ein særs god dag i Balestrand med formannskapet. For meg har det vore lærerikt og kjekt å vitja mange av einingane våre i innan oppvekst, helse og omsorg. Me møtte mellom anna karnevalskledde ungar ved Fjordtun oppvekstsenter og fekk særs god informasjon om drifta i Eplehagen, fortel varaordførar Vibeke Johnsen.

I tillegg til formannskapsmøtet på kommunehuset, med mellom anna orientering frå KLP (Kommunal landspensjonskasse), var politikarane denne dagen innom Fjordtun oppvekstsenter, Sagatun barnehage, Eplehagen omsorgsbustadar, Balestrand helsetun, Sagatun skule og Sygna vidaregåande skule. På helsetunet fekk dei ei orientering om legevaktpiloten.

Politikarene fekk også med seg lunsj med påfyll ved Sogn Næring på reselivsmuseet. Her presenterte direktør John Brekke ved bremuseet museumssuksessen i Fjærland.

Sjå bildeserie frå dagen i Balestrand under. (Klikk på bileta for større vising)