I episode 10 har vi gleda av å ha med oss hjelparen Sigrid Ølmheim. Ho brenn for folk, kultur og å gjere samfunnet vårt endå betre. Korleis kan post-its, verktøykassar og handlingsrom bidra til positiv endring? Vi fekk ein inspirerande prat om nettopp det! Det skjer mykje spennande i kommunen vår, og Sigrid står på for å få det til å skje
Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?
I podcasten til Sogndal kommune inviterer kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.
Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.