I denne episoden har vi gleda av å ha med oss Grete Fischer, leiar av eldrerådet. Grete deler sine tankar om korleis vi kan betre livskvaliteten og levevilkåra for eldre i kommunen vår. Ho er spesielt opptatt av å få innspel frå innbyggjarane for å skape eit meir aldersvennleg samfunn. Korleis kan vi sørgje for at folk kan bu lenger heime og ha eit godt liv, og gjere kommunen vår betre for dei eldre?
Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?
I podcasten til Sogndal kommune inviterer kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.
Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.