Vi har gleda av å presentere ein ny episode av vår podcast-serie, Innsiktsspraten. Denne gongen har vi med oss Jolanta Chodareva frå innvandrarrådet i Sogndal. Ho deler sine innsikter om språk og integrering, og kva vi kan gjere betre når det gjeld innvandring i kommunen vår.
Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?
I podcasten til Sogndal kommune inviterer kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.
Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.