Endå ein ny episode av podcasten ute no! Denne gongen har vi snakka med Gaute Sebakk Flygel, som jobbar som utekontakt i Sogndal kommune. Vi tek opp viktige tema som rus, press og forventningar blant dagens unge. Gaute deler sine erfaringar og tankar om korleis vi kan skape rom for samtalar der born og unge er, og korleis sosiale media påverkar kvardagen deira.

Kva betyr det eigentleg å vere ein kommune i dag? Kva utfordringar møter vi – og korleis kan vi tenkje nytt?

I podcasten til Sogndal kommune inviterer kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.

Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.

Du finn podcasten på Spotify – søk etter Sogndal kommune.