19. desember 2024 skal kommunestyret vedta nytt årsbudsjettet og økonomiplanen. I årets første møte i finansutvalet 14. mars tok politikarane stilling til framdrift i arbeidet og vedtok utgangspunktet for rammer i budsjettet og økonomiplanen. 

Politisk styring og involvering

Med finansutvalsmodellen får Sogndal kommune ei sterkt politisk involvering og styring i budsjettprosessen. Finansutvalet skal fram til slutten av november ha fem møte der dei tek stilling til arbeidsdokument som blir utarbeidde som grunnlag for det vidare arbeidet. Finansutvalet er sett saman av formannskapet og gruppeleiarane i partia som ikkje er representerte der, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt.

I neste møte 6. juni skal finansutvalet frå framlagt utkast til investeringsprogram og økonomiplan 2025-2028. Fram til neste møte i finansutvalet 6. juni skal administrasjonen jobbe med kunnskapsgrunnlag og samle innsikt, slik at dei folkevalde får eit godt grunnlag til å prioritere ressursbruken framover.

Eventuelle innspel til budsjett og økonomiplan kan sendast til postmottak@sogndal.kommune.no

Innspel til budsjett og økonomiplan vert lagt ved sakspapira til finansutvalet. Det er lagt opp til medverknad frå tilsette og dei kommunale råda. 

Førebels årsrekneskap 2023

Årsrekneskapen for Sogndal kommune for 2023 syner eit netto driftsresultat på 22 millionar kroner. Resultatet er om lag 45 millionar kroner betre enn revidert budsjett.

Hovudårsaka til at resultatet er betre enn budsjett er at vi på slutten av året fekk omgjort trekk i rammetilskot til kommunen, auka tilskot til integrering, lågare finansutgifter, i tillegg til at skatteinntektene vart noko høgare enn berekna.

Tenesteområda har eit samla meirforbruk på om lag 4,6 millionar kroner i forhold til budsjett.

Det generelle disposisjonsfondet til kommunen aukar med om lag 2,5 millionar kroner. Dette gir i realiteten eit «nullresultat», samstundes som inntektene frå sal av kraft på fastpris vart om lag 15 mill. kr. over eit sal i spottmarknaden. Det er difor kommunedirektøren si klare vurdering at føresetnadane i økonomiplanen om innsparing ikkje er endra med eit betra resultat i 2023. Årsrekneskap og årsrapport vert handsama i kommunestyret 23. mai 2024.