Møtet vart sendt direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Du kan sjå møtet i opptak i videoruta nedst i denne saka.

Sogndal kommune ynskjer å kvalitetssikra tilrådinga til plassering av ny barneskule i Sogndal. Vi er no i ein prosess der vi skal forma best mogleg grunnlag for politisk avgjerd om plassering av barneskulen. 

Innspelsperioden er no avslutta, men du kan sjå alle innspel som er komne inn i innspelsløysinga til kommunen.

Alle innkomne innspel frå folkemøtet og frå utfordrarbygda.no vil i etterkant vurderast for å forma og kvalifisera endeleg tilråding. Tilrådinga vert handsama politisk i løpet av mars månad og endeleg val av plassering vert teke i kommunestyret.

Saksframstilling plassering av barneskule i Sogndal