8. mai inviterer Sogndal kommune til dialogmøte for pårørande til barn og unge med særskilde behov og tilpassa tenestetilbod frå kommunen. Oppmøte for målgruppa 0-16 år vil vere frå klokka 17.00-18.45 og målgruppa over 16 år mellom klokka 18.00-19.45.

Tid: 8. mai frå kl 17.00

Stad: Kantina på NAV Sogndal, Sognefjordvegen 56, Hermannsverk, inngang på nedsida, mot fjorden

Tidsplan:

17.00-17.45 Informasjon frå kommunen til tenestemottakarar og pårørande 0-16 år. Informasjon frå tildelingskontoret, bu- og miljøtenesta, koordinerande eining og oppvekstsektoren

17.45-18.00 Pause

18.00-18.45 Felles dialogøkt med diskusjon kring tema overgangar med mogelegheit for innspel til kommunen.

18.45-19.00 Pause

19.00-19.45 Informasjon frå kommunen til tenestemottakarar og pårørande over 16 år. Informasjon frå tildelingskontoret, bu- og miljøtenesta, koordinerande eining og NAV Sogndal

Det vil bli servert kaffi og kjeks.

Vel møtt!