Om lag 20 deltakarar frå kommunen og frivillige lag og organisasjonar deltok torsdag på idémyldring om korleis me kan legge til rette for sosialt samvær og fellesskap i ei tid med strengare smittevernreglar.

Kommunen er takksam for gode innspel frå frivilligheita, og ikkje minst for deira viktige bidrag i lokalsamfunna. Alle lag og organisasjonar var opptekne av at dei ville halde fram med aktivitetane sine i den grad det vare mogleg ved at dei gjorde naudsynte justeringar for å følgje smittevernreglane. Samstundes er det mange som vil forsøke å tilby andre aktivitetar som alternativ til deira normale tilbod, både for å halde medlemmar i aktivitet og for å nå ut til innbyggjargrupper dei normalt sett ikkje når ut til.

Som ei direkte oppfølging av idémyldringa mobiliserte frivilligheita for å ha ope bål søndag i bygdene i kommunen. Håpet var at det å fyre opp bålpanna i bygdene våre kunne vere eit lågterskel sosialt tilbod for innbyggjarane.

Desse stadene var det ope bål søndag 19. desember:

  • Kaupanger kl. 16.30: Ved julegrana i parken ved Europris, ansvarleg: Kaupanger Idrettslag
  • Sogndal kl. 16: Ved kommunehuset, ansvarleg: Vibeke Johnsen og speidergruppa
  • Leikanger: Saften kl. 16, ansvarleg: Speidaren og Turlaget
  • Ylvisåker Draumeplassen kl. 16,  ansvarleg Svein Jarle Slinde og Norane IL
  • Hodlekve kl. 12-14, ansvarleg Sogndal IL
  • Balestrand kl. 15-18. Grjotvin (kvileplassen) i Villavegen. Ansvarleg: Røde Kors, pensjonistlaget og diakoninemnda

Det vart ikkje i Fjærland på søndag, men kanskje i romjula. 

Hovudbodskapen frå møtet torsdag er at det viktigaste du kan gjere i denne tida er å vere ekstra merksam på dei rundt deg. Meir isolasjon blant innbyggjarane kan gjere kvardagen utfordrande for mange. Me oppmodar dykk til å ta ekstra godt vare på personar som er mykje åleine no for tida. Inviter dei gjerne til ein prat, kaffi, gåtur eller liknande.

Treng du inspirasjon? Her er 10 tips til sosialt samvær i koronatida:

  1. Inviter til ope bål
  2. Gå ein tur med nokon
  3. Ring ein ven som er åleine
  4. Tilby datahjelp
  5. Hjelp nokon med praktisk arbeid
  6. Bruk facebooksida Sogndal hjelper Sogndal og tilsvarande grupper
  7. Spør korleis nokon har det
  8. Et kveldsmat i lag utandørs
  9. Ta med ein ven på eit arrangement
  10. Meld deg som frivillig