Det året har vore eit annleis og krevjande år, og me vil takka innbyggarane våre for den store innsatsen i samband med pandemien. Det vil også bli ei annleis jul for mange. Me oppmodar dykk om å ta godt vare på kvarandre - og kanskje særleg nokon du kjenner som ikkje får vera saman med sine denne jula.

Årets julekort har motiv frå ei av fakkelmarkeringane ved oppstarten av den nye kommunen. Snart er det første året som ny kommune over, og me vil stå på også i det nye året for å gje dykk gode kvardagar i Sogndal kommune.

God jul og godt nytt år!