Sommaren 2021 inviterte Sogndal kommune byggeigarar og næringsdrivande til ein uformell konkurranse om å skapa kommunen sitt trivelegaste sentrumsbygg. Ein jury beståande av Kari-Anne Kirsebom Strandman, Marianne Bergum, Olga Jorddal og Anne Sigrid Skjerdal har hatt særleg auge for trivelege næringsbygg gjennom sommaren.

Då Sogn Næring arrangerte «Lunsj med påfyll» på Holmen kafé og sjokolade tysdag 16. november fekk drivar Tuba Ardic og byggeigar Siv Midtbø Lidal seg ei overrasking på slutten av arrangementet. Då tok nemleg ordførar Arnstein Menes ordet for å gratulera dei med prisen for Sogndal sitt trivelegaste sentrumsbygg sommaren 2021.

Om vinnaren uttaler juryen:

«Vinnaren har vist at bygg kan gjerast trivelege med enkle grep. Bygget er godt teke vare på, kafeen har ein tiltalande logo og uteplassen er triveleg med blomar på bord og vegger. Det har vore ryddig og pent kring kaféen heile sommaren og blomane har fått godt stell trass ein tørr sommar. Vinnaren av Sogndal kommune sitt trivelegast sentrumsbygg sommaren 2021 er Holmen 21, med byggeigar Siv Midtbø Lidal og næringsdrivane av Holmen kafé og sjokolade, Tuba Ardic».

Med gratulasjonen frå ordføraren fekk vinnarane også ei lita merksemd som me håpar bidreg til endå meir trivsel hjå Homen kafé og sjokolade neste sommar.