Prisen vart overrekt på Leikanger sjukeheim onsdag av leiar i Norsk Sykepleierforbund Vestland, Reidun Stavland.

Sørum har sidan mai i år vore rådgjevar på helse og omsorg. Ho har tidlegare jobba i heimetenesta i Leikanger og som fagsjukepleiar i Leikanger.

Ho vart nominert til prisen av kollegaer i Sogndal kommune fordi ho er svært engasjert i sjukepleiefaget og over fleire år har jobba for at pasientane skal få best mogleg kvalitet på tenestene. Ho brenn spesielt for hygienefeltet og har mykje kunnskap som ho gjerne deler med andre. Ho har igjennom fleire år - og spesielt i pandemien - vore ein nøkkelperson innan smittevern i kommunen. 
Vi kollegaer ser på ho som ein fagleg dyktig sjukepleiar og ein sprudlande, inkluderande og lojal kollega, heiter det i grunngjevinga for nominasjonen.

Prisen blir delt ut av Norsk Sykepleierforbund med følgjande kriterium:

  • Er ein inspirator, motivator og kulturberar for god sjukepleie.
  • Pådrivar for fagleg utvikling, kvalitet og opplæring.
  • Arbeider for sjukepleiekompetanse som sikrar god pasientsikkerheit og ei fagleg forsvarleg teneste.
  • Skal ha vore med på å utvikla og/eller profilera sjukepleiarfaget på ein positiv måte.