Dei fleste innspela gjaldt eige lokalsamfunn, noko oppgåvene i møta også la opp til. Me ser klåre likheitstrekk mellom innspela frå dei ulike plassane i kommunen, og desse innspela handla om:

  • Oppretthalde det kommunale tenestetilbodet i heile kommunen
  • Aktiv bustadpolitikk
  • Gang- og sykkelvegar og gode vegsamband
  • Gode møteplassar
  • Gode rammer for frivilligheit og næringsliv
  • Berekraft og langsiktig planlegging
  • Ønskje om å medverke til utvikling av lokalsamfunnet sitt

Kommunale råd

Oppsummering av innspel frå kommunale råd.

Tenester/kommuneorganisasjonen

Sjå den enkelte. Informere til alle, enkelt språk, enkle skjema. Fleirspråklege skjema. Interkulturell forståing hjå tilsette. Gje reell påverknad til råda, for forankring i lokalsamfunna.

Tilbod, tenester, bustader og daglege funksjonar i alle delar av kommunen. Tannhelsetilbod i Balestrand. Kartlegge og sikre at offentlege område, t.d. skular, barnehagar, idrettsområde, grøntområde og kommunehusa er tilgjengelege for alle. Avlastning for brukarar innanfor helse og omsorg innanfor lokalsamfunnet. Opprette brukarutval. Hospitering mellom einingane. Involvere tilsette og fagforeningar. IKT-hjelp eller informasjon i andre kanalar enn dei digitale. Reell digitalisering for eldre.

Transport:

Elektrisk transport, betre kollektivtilbod. Ferje Hella - Dragsvik kvart 20. min. Utbetre Hella – Sogndal. Universell utforming av bussane. Ivareta trafikktryggleik. Kollektivtilbod: låg takst, hyppigare avgangar, må dekke alle lokalsamfunn. Ringbussar.

Næring og arbeid:

Arbeid til alle. Kompetanseheving. Norskopplæring. Inkluderande bedrifter. Aktivt reiselivsmuseum. Legge til rette for etableringar og innovasjon.

Stadutvikling:

Sentrumsnære, tilgjengelege bustader. Møteplassar i heile kommunen - også om vinteren. Benkar. Ruste opp leikeplassar. Lågterskel turstiar. Samarbeide med DNT. Rulletrapp ute. Uformelle møteplassar for ungdom inne og ute.

Deltaking politisk og sosialt. Tillit mellom folk. Samskaping, sambruk. Tettare samarbeid mellom frivilligsentralen, næringsliv og frivillige organisasjonar. Frivilligsentral i alle delar av kommunen. Opprette Sogne-appen – kva skjer i kommunen. Støtte organisasjonar.  

Kultur:

Kommunen bør lage ein plan for kulturfeltet og det bør utarbeidast ei eige kulturmelding for Sogndal kommune (programfeste årleg kulturmelding til handsaming i kommunestyret). Sogndal kommune må ta større ansvar som regional kulturkommune med auka fokus på både det frivillige og profesjonelle kulturarbeid. Kultur bør vere parallelt med natur som rekreasjonsarena, i stadutvikling og i samfunnsentreprenørskap. Balestrand kan vere kulturelt fyrtårn i kommunen. Betre samspel mellom frivillig og profesjonelt kulturarbeid (Balejazz, samarbeidsprosjekt mellom distriktsmusikarar og amatørar).

Berekraft:

Miljøvenleg. Mindre bruk av plast. Bygge smartare. Tilskot for el-sykkel. Ladestasjonar for elbil. Digitalisering, breiband. Betre avfallssortering. Økohus. Mindre køyring. Redusere matsvinn.

Norane og Fimreite

Oppsummering møte 26.10. i Norane og Fimreite.

Tenester

Framsnakking. Få positive effektar ut av kommunesamanslåinga, effektivisere bruk av kommunehusa.

Behalde skule og barnehage. Eldrebustader i Norane. Digitalisering som gir rom for meir nærleik og varme hender.

Infrastruktur/friluftsliv/møteplassar

Gang og sykkelveg, mindre arealkrevjande enn i Fardal. Tunell gjennom Uri, gang og sykkelveg utanfor. Fjordsti på Eskestand. Turveg langs sjøen. Fast dekke på turveg på Ytre Slinda. Gatelys. Trygge skulevegar. Godt utbygd breiband i heile kommunen. Fungerande servicerute.

Rydde i og utvikle friluftsområda på Nornes og Ylvisåker. Skilting til turvegar. Rasteplassar for kajakk. Kommunen må samarbeide med frivillige og støtte frivillig arbeid. Møteplassar: Ungdomsklubb, ungdomskafe, eldrekafe.

Bustader

Kommunen legg til rette for veg, vatn, kloakk for nye bustadfelt. Kommunen må hjelpe til å gjennomføre reguleringsplanar. Fylle ut i sjø, fleksibel utbygging i strandsona. Differensiert bustader for ulike livssituasjonar. Utleigehus med småhus/tiny houses. Prøvebustader for Sogn. 5 års åremål. Bu- og driveplikt på gardar. Selje kommunale tomter.

Næring, reiseliv, arbeidsplassar

Tilgjengeleg næringsareal, tilpassa næringsliv. Generere nye arbeidsplassar. Rekruttere fleire yrkesarbeidarar.

Utvikle Sogn Næring, utvikle arbeidet i regionrådet, samarbeide med Luster. Gjestehamn i Sogndal, torgplass framfor kommunehuset.

Støtte lokalt næringsliv, gardsmat, vin. Gondol, reiseliv bygd på lokal historie. Bauta, byggje statue av kong Sverre. Campingplass i Norane. Fjorden bør vere forsøksfjord for turistfiske.

Berekraft

Ta vare på stein når ein bygger tunellar. Rydde forsøpla eigedommar. Satse på frukt- og bærproduksjon. Jordvern. Matjordbank. Støtte små gardsbruk. Grøn energi. Hydrogenbåt mellom Balestrand og Sogndal. Kommunen kan vere ein god innkjøpar. Bytakstar på bussar.

Leikanger

Innspelsmøte for Leikanger 26.10.

Tenester

Skule og barnehage i alle grender, tenester der folk bur. Like gode tenester til alle. Behalde barnehage, barneskule, ungdomsskule, omsorgstenester, sjukeheim på Leikanger. Auke kapasitet i barnehage, betre helsetenester, behalde godt kjøken på sjukeheim, betre bemanning. Kommuneleiing på Leikanger. Funksjonar ved kyrkja: bårehus, wc, parkering.

Kommunen må yte god service og gje god informasjon, vere tilgjengelege fysisk og digitalt, og samarbeide. Nytte eigne ressursar framfor konsulentar. Appar for kommunale tenester. Instruksjonsvideoar for kommunale skjema. Nytte lokale bedrifter som innkjøpar. “Fiks gata mi”. Senke kommunale lønningar.

Næring og arbeidsplassar

Ta vare på det dei enkelte bygdene er gode på, varierte arbeidsplassar i heile kommunen. Tilbod til ufaglærte. Sommarjobbar for ungdom. God vertskommune, hospitering. Utnytte kompetanse hjå lokale aktørar (IKT). Styrke Sogn Næring. FUS på Leikanger. Tilskot og hjelp til bedriftsutvikling, lokalar, tilskot, lån. Turisme, guiding, museum, næring knytt til fjord og natur. Utnytte frukt- og bærkompetanse. Subsidiere kultur- og underhaldningsnæring. Vidareforedling av lokale ressursar. Nytt statsbygg på Leikanger. Utvikling av Nokkaneset, kommunehus og svømmebasseng. Gondol frå Hermansverk til Mælatoppen/Nokkaneset - Kjeringi. Næringsareal. Raske søknadsprosessar. Campus og næringshagar. Profilere oss betre.

Bustad og areal

Familiebustader i alle delar av kommunen, ha klar gode tomter i heile kommunen. Bustader for vanskelegstilte. Transformering og fortetting før nye byggjeområde, i sentrum. Billegare bustader. Prøvebustader nær barnehage. Kommunalt tomteselskap. Utvikle Henjabakkane bustadfelt. 5-minuttssamfunn.

Transport

Gang- og sykkelvegar. Njøsabakken. Snarvegar. Kollektiv, ringbuss. Flytilbod. Ferje, rassikring. Opprusting av vegnettet. Utbetring Hella – Leikanger. Trafikksikker tilkomst til natur.

Stadutvikling

Fritidstilbod for alle, samarbeide. Støtte frivilligheit. Frivilligheitssentral formidlar og koordinerer. Møteplassar for alle. Øvingslokale for kultur. Park ved Tinghus 1, ruste opp Pilavika, badebasseng, galleri, skatepark, pump track, basket, midlertidig bruk av gamle trevaren som park. Universell utforming. Gjere Borgarden meir attraktiv, sikre mot elv og trafikk. Utvikle sentrum, fortetting. Bruke butikkar og kafe. Velstelt sentrum i samarbeid med pensjonistar. Skilte til Saften, ruste opp Henjabrui, bakeri, utekafear. Felles kommunikasjonsplattform for lokale tilbod. Fadderordningar for integrering.

Friluftsliv

Ruste opp badeplassar med wc, parkering, tilkomst. Tilgjengeleg strandsone. Flate turvegar utan trafikk. Merking av stiar. Fjordsti, elvesti. Binde saman friluftsområde i fjellet. Ta vare på friluftsområde. Utnytte veg i Huksdalen, vårbrøyting. Klatrevegg i Fatla. Sykkelveg Hermansverk – Hodlekve.

Berekraft

Ta vare på matjord og naturområde. Langsiktig planlegging. Alternative energikjelder. Gjenbruk av gamle hus. Verne område nedanfor Strandavegen mot utbygging. Fortetting i eksisterande bustadfelt. Fjordvarme, solenergi. 5-minuttssamfunnet. Samarbeide med forskingsmiljø. Berekraftige innkjøp og løysingar internt.

Kvamsøy

Innspelsmøte for Kvamsøy 22. oktober.

Tenester

Oppretthalde skule og barnehage, legevaktpilot, heimetenesta og sjukeheimsplassane. Gode kulturskuletilbod. Få tilbake tannlegetilbodet. Nærleik til tenestene. Ta i bruk borgarløn. Gode telefontenester som kan formidle kontakt med rett person. Personalressursar i alle dei tre kommunehusa.

Mobilitet

Gratis ferje. Utbetring av vegen. Fleire bussavgangar mellom Høyanger og Sogndal. Heim for ein femtilapp. Trygge gang- og sykkelvegar. Brøyting i alle grender.

Samfunnsutvikling

Marknadsføre ledige tomter og hus. Oppgradering av grendehusa, nærleik til funksjonar og aktivitetar. Støtte til lag og organisasjonar. Bevare kunstbygda. Areal til utstillingar. Skulpturpark. Inkluderingsprogram i frivilligheiten. Oppretthalde Friberg Kino. Frivilligsentral med bibliotek.

Vedlikehald av friområdet i Kvamsøy, området rundt Kvamsøy kyrkje, dagsturhytte, stiar, benkar. Betre tilkomst til kyrka. Pynting og grønt i sentrum.

Næring

Legge til rette for næringsverksemder. Fiberdekning. Tilgang til areal, gode transportårer. Enkel tilgang på rådgjeving. Støtte desentraliserte arbeidsplassar. Legge til rette for “artist in residence” og “chefs in residence”.

Berekraft

Ikkje byggje ned matjord. Ladestasjonar for elbil. Sykkelsti til Kvamsøy, tilrettelegging for elsyklar. Tynne skog langs vegen. Balansere allemannsretten opp mot hyttebygging.

Kaupanger

Oppsummering av innspelsmøte på Kaupanger 2.11.

Prioritert

  • Nok kapasitet i skule og barnehage
  • God og langsiktig arealplanlegging med lokal involvering
  • Legge til rette for sykkel. Betre trafikktryggleik for syklande og gåande.
  • Gode møteplassar for alle: uformelle møteplassar, Vite Meir, idrettshall
  • Miljømessig berekraft som overordna premiss

Tenestetilbod

Kaupangar må likebehandlast med alle andre tettstader i kommunen. Barnehage, skule og eldreomsorg i bygdene. Sentrumsnære eldrebustader. Barnehage og skule må ha plass til alle på Kaupanger og ha god nok bemanning. Omsorgsbustader i Kaupanger, ikkje berre eldre, men også yngre som har behov for hjelp. Ta i bruk velferdsteknologi.

Legge til rette for ny hall og barnehage på Kaupanger idrettspark. For å få til dette må kanskje skulebarn og ungdom på Kjørnes flytte til Kaupanger skulekrins og slik auke kapasiteten i Fjøra. Vurdere friluftsbarnehage som brukar naturen og kulturen. Ny ungdomsskule til idrettsparken. Kulturell deltaking frå eldre i barnehage og skule.

Digitalisering av tenester, utstyr og opplæring. Tilpasse staben til ein ny kommunestruktur. God innbyggjardialog, vere digitalt tilgjengeleg. Formidling av positiv informasjon. Kvalifiserte og opne tilsette.

Økonomi: det kommunen prioriterer må gagne flest i heile kommunen.

Mobilitet

Tilrettelegging for auka bruk av sykkel. Sykkelstativ med tak. Sykkel og bilparkering ved kollektivknutepunkt. Gode transporttilbod. Gode vegar for alle. Sykkelveg mellom Kaupanger og Sogndal. Elektrisk ringbuss. Elsykkelpunkt på Kaupanger og Campus. Pendlarbuss frå Kaupanger til Leikanger/Balestrand. Prioritere flyplassen.

God infrastruktur i bygda, trygg kryssing med undergang under Rv 5, gatelys, sykkelvegar. Gode og trygge vegar for mjuke trafikantar frå Amla til Eidet, med skulen som sentrum. Brøyting av gangvegar. Knyte saman idrettsanlegg, driftingbana, lysløypa, travbana og museet. Turveg frå Lem til Vikane.

Stadutvikling

Langsiktig, føreseieleg og god arealplanlegging, smartare og tettare arealplanlegging. Lage eigen plan for tettstadutvikling. Gode analysar i botn. Tenke heilskapleg og sambruk. Legge til rette for bustadutvikling etter gode planar. Nok bustader med kort avstand til daglege funksjonar. Ta vare på LNF-områda. Fortette. Brukarmedverknad i staden for konsulentutgreiingar. Utvikle Kaupanger mot fjorden. Ikkje byggje bilbaserte kjøpesenter og parkeringsplassar. Landskapstilpassing av byggjeprosjekt. Ta vare på kulturlandskapet. Parkering under bakken.

Attraktiv for barnefamiliar, gode oppvekstvilkår, folkeauke, gode butilhøve, betre den psykiske helsa til born og unge, tilgjengelege bustader for førstegongskjøparar. Leilegheiter i Kaupanger sentrum. Stille krav om minimumsstorleik for grøntareal for bustadtomter.

Sosiale møteplassar for alle aldersgrupper, lage nye og utvikle eksisterande: idrettsanlegget, kaien, Skogly. Idrettshall. Vite Meir. Ungdomsklubb. Breidde i tilbodet. Vite meir som møteplass for sykkelreparering, redesign, hagebruk, mekking og reparasjon. Ta i bruk og opne fjorden. Opne elva meir. Mobile kulturtilbod. Park ved Prix-bakken. Inkluderingsarbeid i frivillige organisasjonar. Spegelsal for yoga og dans. Utescene med grill. Elvesti. Framheve kulturhistoria på Kaupanger. Sambruk for å auke trivsel, aktivitet. Aktivitetskort for låginntektsfamiliar. Universell utforming av omgjevnadane. Kunst/street art i det offentlege rom. Bevisstheit og kunnskap og natur- og kulturverdiar. God hjorteforvalting.

Vidareutvikle stisykkelnettet. Sti frå Amla til Breisetevatn. Enkel tilgang til naturen Lysløype i høgda, Haukåsen eller Goro. Unngå nedbygging av strandsona.

Vere verdas største og beste bygd. Sogndal som tydeleg regionsenter i ein felles bu- og arbeidsmarknad. Fleirbruks-/basishall i Sogndal. Sogndal kommune som Friby (ta i mot forfølgde forfattarar) td. i Balestrand eller Fjærland.

Næring og arbeid

Nytte lokalt næringsliv. Dyrke det me er gode på. Bruke innkjøpsrolla aktivt til lokale varer og tenester. Lokalmat i kommunale institusjonar.

Gode vilkår for næringsutvikling: låge skattar, lån, fond, areal (føreseielegheit). Legge plasskrevjande næring og handel på Kaupanger. Vidareutvikle Kaupanger innan service, industri og handel. Innovasjonsnettverk i alle delar av kommunen. Satse på kulturbasert næring. Knyte næringsliv til forskingsmiljø og høgskule. Drive med leiarutvikling. Utvikle næring knytt til stisykling: guiding, overnatting, mat, sykkelservice/-sal.

Auke tal kompetansearbeidsplassar, ha arbeid til partnar, bruke lokal arbeidskraft, handle lokalt. Kartlegge kompetanse hjå innvandrarar. Direkte kontakt med studentar og unge. Fange opp fråfall i vidaregåande skule. Legge til rette for språkpraksis for innvandrarar.

Berekraft

Berekraft må vere overordna. Kommunen må gjere berekraftige innkjøp. Klima- og miljøkrav for innkjøp, tilskot, eigarskap og investeringar. Ikkje ha befolkningsvekst som eit mål. Lage klimabudsjett. Arealnøytral innan 2030.

Bli best på sirkulære løysingar og ny teknologi. Miljøstasjon på næringsområdet, styrke og utvide opningstidene til SIMAS. Kompost. Sirkulære løysingar. Gjenvinning. Miljøvenlege material i byggjebransjen. Fjordvarme, solceller, grøne tak. Redusere økologisk fotavtrykk i alle verksemder. Ikkje byggje datalagringssenter. Livsløpsanalyse i alle prosjekt.

Satse på sykkel og elektrisk transport. Kollektiv. Deling. Digitale tenester for organisert haiking (carpooling). Arealplanlegging som reduserer transportbehov. Betre utnytting av industriareala.

Ta vare på naturkvalitetar og ressursar. Ha god nok kunnskap om viktige naturverdiar. Ikkje byggje ned fleire elver til vasskraftutbyggingar. Berekraftig reiseliv. Innfallsport til verdarvområdet. Verne skog og myr for CO2-opptak. Meir blomsterenger, bærbusker og frukttre på kommunale grøntareal.

Utvikle lokal mat. Rekoring på Kaupanger. Meir småskala landbruk, utnytte inneklemt matjord. Andelslandbruk. Landbruk basert på lokale ressursar. Jordvern. Redusere matsvinn. Parsellhagar, kolonihagar, andelslandbruk.

Ikkje ha gummigranulat på fotballbanene. Kloakkrensing for reinare fjord. Hindre ureining til Kaupangselvi. Bosplukking.

Fjordane

Oppsummering av innspelsmøte for Fjordane 22.10.

Tenester

Likt tilbod i heile kommunen. Gode helsetilbod, som eldreomsorg og psykisk helse. Legge til rette for at eldre kan bu lenge heime. Skule og barnehage i Fjordane. Tannlege og ambulanse i Balestrand. Lokal brannberedskap. Ikkje tømme rådhuset for tenester. Bibliotek.

Transport, infrastruktur

Opne fjellovergangar. Rassikring. Bru over Esefjorden og Hella – Dragsvik. Utbetring av Hella – Leikanger. Breiband, gatelys, busskur. Skyssordning for barn og ungdom. Behalde skyssordning for eldre. Ladestasjon for elbil og fleire parkeringsplassar på ferjekaiane. Drosjekort for eldre. Trygge skulevegar. Trafikken vekk frå Gravensteinsgata i Sogndal. HC-parkering i Balestrand. Bubilparkering.

Bustader

Folketalsvekst i alle grender. Kommunale bustader i Fjordane for utleige. Eldrebustader og overgangsbustader for ungdom i Fjordane. Regulere Ulvestadsmarki. Byggjefelt på Farnes, Thorsnes. Ikkje høgare eigedomsskatt. Universelt utforma bustader. Konsentrerte bustader i sentruma, einebustader utanfor.

Næring

Nytt næringsareal i tilknyting til Meel. Kontorfelleskap i Fjordane. Gardsslakteri. Lett å få løyve. FUS i heile kommunen. Aktiv forvalting av gardsbruk som ikkje er i drift.

Stadutvikling

Klatrevegg i grendahuset. Ballbinge i Fjordane. Tilgang til sjøen. Idrettsskule. Uformell møteplass, venteplass, kafe. Felles småbåtanlegg. Trakkemaskin til Trolløyane nærmiljøanlegg, reetablering av motorsportbane. Infotavle om lokale tilbod. Tilskot til frivilligheita. Merke turstiar. Eldretrim. Halde fram med god inkludering. Satse på kunst og kultur.

Berekraft

Sentral for kortreist mat. Redusere køyring. Nye omnar med mindre utslepp. Hogge skog. Fortetting i Holmen. Fokus på sjølvforsyning. Hagar på tak i Sogndal, parkering i kjellar.

Fjærland

Oppsummering av innspelsmøte i Fjærland 22.10.20

Vekst og utvikling

Investering

Oppgradere kommunale vegar til BK10

Mjuke trafikantar

Kollektiv

Tilrettelegging for bustad

Bedre eldrebustader

Fleire bustader

Opprusting av kommunale vegar (oppgradering til BK10)

Miljøvenleg sentrum

Kollektivtilbod

Kommunen kan ta grunninvestering for spreidde bustader

Prøvebustader. Kommunale leigebustader, korttids og langtids i heile kommunen. Førstegongsetablerarar.

Heimesjukepleie

Leilegheiter

Tilrettelegge for mjuke trafikantar

Alle sentrum bør ha møteplass, kafe

Tilrettelegging for båttrafikk

Ta vare på kvart sentrum sitt særpreg

Næringsliv: samarbeid i regionen

Tilrettelegging av næringsareal

Kommunen regulerer tomter

Gratis og eller billige fritidsaktivitetar i heile kommunen

Innsats

Serviceinnstilt, løysingsorientert og synleg kommune, plan og teknisk. Enklare og kjappare

Positiv innstilling til lokale initiativ i byggjesaker

Gulrot for å stille ledige hus og ledig grunn til disposisjon for bustadbygging

Differansiere bustadbygging. 1-4 hus samla. Ikkje fortetting.

Alle hus i sentrum skal vere bebudde

Ekstraskatt på tomme hus i sentrum

Attraktivt sentrum

Mjuke trafikantar i sentrum

Bruke alt næringsarealet

Kommunal planlegging

Trivelege sentrum utan bil

Livskvalitet for alle

Investering

Oppretthalde og forbetre skule og barnehage

Kommunen bidreg til å støtta aktivitetar i grendene

Varierte og billige kommunale fritidsaktivitetar i heile kommunen (kulturskule)

Kommunale kulturtilskot til lag og org.

Busstilbod til og frå Sogndal

Heim for ein femtilapp

Næringsfond til sosiale og inkluderande tiltak

Trimpostar, lågterskel fritidstilbod

Ivareta dagens skulestruktur

Tilskotsordningar fritidstilbod

Grendahus – opne arenaar. Bruke dei meir. Kommunal brøyting ved bygdahuset.

Ikkje flytte aktivitetar frå bygda

Fleire unge familiar

Innsats

Kombinerte stillingar i Fjærland. Tekniske tenester, lokalt tilsette.

Godt mottak av nyinnflytta, «full pakke», koordinering frå kommunen og samarbeid med grendene når det gjeld tilflytting.

Bruke samkomer som me har

Lokale digitale møteplassar (spel, desentraliserte sosiale media, Fjærlandsbook)

Demokrati herifrå og opp. At ungane lærer å medverke.

Fleire folk

Halde på skule og barnehage

Bruke lokal arbeidskraft

Desentralisert jobbing, heimekontor

Dugnad

Hjelpe til med dei lokale tilboda

Be ein nabo på kaffi

Aktivitet, bygdafest

Uformelle møteplassar. Kafedagar, pub

Samla info om bygda. Mappe med velkomen til Fjærland. Velkomstpakke.

Berekraft

Investering

Sykkelvenleg bygd

Bustadbygging, 1-4 hus, felles tekniske løysingar

Miljøvenleg transport av turistar

Bygge i fjellet eller ned i fjorden

Parkering nærare sentrum

Sykkelfelt

Bustadbygging på uproduktivt areal

God planlegging av infrastrukturtiltak

Pendlebuss, miljøvenleg

Teknologi og innovasjon i landbruket

Sogn næring/Innovasjon Norge/Vestlandsforsking: forskingsprosjekt om mindre ressurskrevjande landbruk

Ungdomssteget tilbake til Fjærland

Sentral parkering, minielbilar, total plan for det

Betre handtering av avfall, særleg frå landbruket og hyttene/reiselivet

Innsats

Kommunale innkjøp lokalt

Utnytte eksisterande tomme hus for permanent busette. Lage hyttefelt

Sykkelsatsing

Positiv haldning til nye initiativ

Fokus på resirkulering

Plast

Meir Rekoring, mindre kjedebutikkar. Kommunen bør kjøpe lokalmat.

Studieringar om nytt landbruk og reiseliv

Planlegge små og kompakte hus

Dyrk maten sjølv

Kommunale tenester

Investeringar

Meir attraktive eldrebustader i grendene

Prøvebustader som eit bulystprosjekt

Differensiert politikk for strandsona i kommunen.

Auka løyving til heimetenester

Kommunale eldrebustader for leige

Rive eksisterande eldrebustader

Skuletransport frå alle heimar alle dagar

Heim for 50-lapp til alle plassar

Über-system

Like gode skular, barnehagar, vegvedlikehald i heile kommunen

Pynt i sentrum

Bustadkontor: liste over ledige bustader i heile kommunen

Innbyggjarane må ha kjensla av at tenestene er til for dei. Ja-tankegang. Blir møtt skikkeleg, får reel hjelp, ikkje vise til heimesidene.

Godt bemanna kommunale tenester lokalt. Satellitt til kommunesenteret.

Flytt elevar til Fjærland

Innsats

Høyre på innbyggjarane sine initiativ, ja til lokale initiativ

Ambulerande tenester

Framoverlent haldning frå kommunalt tilsette

Meir formell makt til bygdelaga

Samarbeide med utkantar, ikkje motarbeide

Kommunen må oppløysast

Ikkje kjøpe konsulenttenester

Politikarar og adm ut i grendene

Må handsame bygdene individuelt

Sei ja i bygdene

Ope tema

Innvestering

Opprusting av kommunalt vegnett, tonnasje, akseltrykk. Toler ikkje turistbussar, mjølkebil, skulebussar

Innfallsporten til Fjærland, gamle Mekkentomta. Kommunen og bygda i samarbeid med bremuseet, grunneigar. Noko med innhald, som får folk til å stoppa.

Trygg kryssing av riksveg

Fylkesveg: kommunen med på laget

Sykkel i Fjærland. Sykkelbygda Fjærland

Ny reguleringsplan for Mundal sentrum

Opne prosessar mellom næringane som skal leve i lag. Næring må drive hand i hand med andre i samfunnet.

Ordning med Bøyabreen, parkering

Vekst i berekraftig reiseliv

Frakte turistar meir berekraftig enn buss. Elsyklar, elbilar, gondol opp, bort eller ned i fjorden.

Hjelpe lokale kultur- og forsamlingshus

Støtte til etablering av arbeidsplassar

Kommunen bygge tomter og bustader for leige eller vidaresal

Tilrettelegging for næring

Ny landbruksplan

Begrense fossil cruisetrafikk

Innvandrarar til Fjærland

Slutte å tenke på Sogndal som ein motor

Bruke fjorden som transport

Legge til rette for kortreist turisme

Evaluering

Greitt at kommunen tek initiativ, men så overlate leiinga til bygdalaget

2 timar var passeleg

Treng ulike typar møte

Kunne ha slått saman spørsmål

Positivt overaska over opplegget

Nyttig med oppsummering

Bra at alle kjem til orde

Alle får ordet, men ein får ikkje meiningsbryting

Temaa gav føringar: for mykje berekraft, for lite næring.

Ese, Tjugum og Dragsvik

Oppsummering av innspelsmøte for Ese, Tjugum og Dragsvik 2.11.

Prioritert

Nære tenester, behalde skule, barnehage, lege, jordmor, helsesjukepleiar. Nytenking innanfor næringslivet. Stimulere til småskala bedrifter og jordbruk. Betre vegar og kommunikasjon. Nye bustader i heile kommunen.

Tenester

Tenester i heile kommunen, skule, barnehage, sjukeheim. Ambulanse i Balestrand. Effektivisere og samtidig gje betre omsorg. Motverke einsemd. Billegare gebyr på søknader. Tannlege og lege i nærleiken. Eldre må få hjelp til digitale verktøy.

God økonomi, mindre byråkrati, oppheve kommunesamanslåing. Betre kommunikasjon, lett å få tak i den du vil snakke med på telefon og fysisk, betre heimeside. Administrasjon og politikarar må lytte til lokalsamfunna.

Bustader

Nye bustader i heile kommunen. Jobbe for at unge buset seg i grendene. Startbustad for unge. Etablerartilskot for innbyggjarar.

Næring

Gründerkommune, skape arbeidsplassar i alle delar av kommunen. Samarbeid i regionen. Byggje vidare på Sogn Næring og næringar innan kultur, natur og turisme. Støtteordningar for nyetablerarar og små eksisterande bedrifter. Tillate tiltak i landbruksområde. Rådgjeving, sparringspartnarar, ikkje gjere det vanskeleg å få løyve. Utvikle Visit Sognefjord. Campingplass i Balestrand. Betre infrastruktur for eksport. Marknadsføring av det me har.

Infrastruktur

Betre vegar og kommunikasjon. Hella – Leikanger. Bru over Esefjorden. Balestrand-Nessane, bru Hella – Dragsvik. Rassikring. Betre kollektivtilbod, ferje og buss. Gratis ferje i kommunen, billegare kollektiv. Breibandutbygging. Behalde båttilboda til Bergen, Flåm og Fjærland.

Samfunnsutvikling

Vere inkluderande og gode på integrering. Stimulere til frivillig arbeid, invitere til å jobbe dugnad. Støtte frivillige organisasjonar. Innbyggjarar kan delta i dugnadsarbeid, støtte lokale butikkar, skape aktivitet for alle. Skape lågterskel kulturtilbod/aktivitet/treningstilbod. Satse på kultur. Møteplassar for alle aldrar. Vedlikehalde friluftsområde, t.d. Turløypene og Saurdalen. Frivilligheitssentral og frisklivssentral i Balestrand. Idrettshall/bane.

Berekraft

Elektrifisering av ferjer, betre og hyppigare offentleg transport. Avvise cruiseskip. Attbruk av ressursar, betre avfallstilbod. Berekraftig jordbruk, satse på landbruk for å hindre attgroing. Alternativ bruk av landbrukseigedomar, drift på mindre bruk. Lær av Austerrike og Sveits om landbruk og natur. Bu- og driveplikt. Opprette “geitering” for beiting.

Balestrand

Oppsummering av innspelsmøte i Balestrand 29. oktober.

Tenester

Desentraliserte tilbod, skule og barnehage nært bustad. Likeverdige tenester, ikkje flytte eller sentralisere tenester, t.d. Helsetun (med kjøken og vaskeri), skule, ungdomstrinn, barnehage. Balestrand å få sin del av eksperthjelpa frå kommunen. Auke i bemanning.  Ambulansetenester og norskopplæring i Balestrand. Ha tillitsbaserte tenester. Entreprenørskap i skulen. Samarbeid mellom skulane. God bemanning på helsetunet for å unngå vikarar. Digitale verktøy i eldreomsorga, videokonsultasjonar, digital kontakt mellom eldre og pårørande. Prioritere pasientar med slag og demens. Legge til rette for at eldre kan bu heime lengst mogleg.

Kommunen må ha som kjerneverdi at kommunen er folket sine tenarar. Kommunisere med og involvere alle innbyggjarane – innvandrarar, eldre, unge, lag og organisasjonar. Vere ein samskapingskommune. Betre informasjon ut, til alle. Lett å få tak i fagfolk. Betre heimeside. Bygdaservice som i Høyanger. Redusere kommunestyret og ha eit effektivt politisk styre. Effektivitet i sakshandsaminga. Gjenopprette Balestrand som eigen kommune.

Transport

Betre kommunikasjon. Opprusting Hella-Sogndal. Betre busstilbod. Gratis ferje. Bru over Esefjorden og over til Hella. Skyss for eldre. Oppretthalde ekspressbåt Sogn – Bergen. Gode flyruter.

Samfunnsutvikling

Nye bustader på attraktive tomter. Løyve til å byggje på gardar og i strandsona. Legge ut areal for bustadbygging.

Frivilligsentral i Balestrand. Det skal vere bruk for alle, integrering. Balestrand bør vere fyrtårn for kultur. Støtte eldsjeler. Arrangere kurs og aktivitetar. Oversikt over kontaktpersonar. Samarbeid mellom frivillige lag. Støtte til frivilligheita. Digital kalendar med arrangementsoversikt. Infrastruktur for lag og organisasjonar, fysisk. Rom, lager, møteplassar. Svømmebasseng, ev. svømmeopplæring i fjorden med våtdrakter og badstu. Tilgjengelege og gode møteplassar, særleg for ungdom. Inkluderande møteplassar. Betre stell av parkanlegg, kommunale grøntområde. Utvikle stinettet i fjellet vidare. No-fence beiteprosjekt rundt attgrodde utkikkspunkt i fjellet. Jobbe for heilårsturisme/heilårsaktivitetar.

Næring:

Likeverdige tilbod til enkeltpersonsføretak og større bedrifter. Satsing på innovasjon. Tankesmier/ideforum. Færre avgifter. Halde fram med å sjå nærings- og samfunnsutvikling samla. Areal til næring og hytter. Molo i sentrum for småbåtar. Styrke Visit Sognefjord. Næringsfiske i Sognefjorden med lokale firma. Ta i bruk fjorden og fjellet. Bruke eigne kunstnarar i profilering. Tilskot til artists in residence.

Berekraft:

Tenke sirkulærøkonomi i alle prosjekt. Tenke globalt og handle lokalt. Gjenbruksbutikk, utleige av idrettsutstyr. Miljøsertifisering av verksemder. Lære gode tiltak i skulen. Gjenbruksstasjon i alle delar av kommunen. Solcellepanel, småkraftverk. Auke sauehald med utmarksbeite og skogsdrift/vedhogst. Kompostjord frå Simas. Betre kunnskapsgrunnlaget om naturmangfald og ureining i fjorden. Gjenbruk av matjord.

Fortetting i sentruma for å unngå nedbygging av jord og redusere bilbruk. Tilrettelegge for sykkel, sentrumsnære bustader, kortreiste tenester. Fleire ladepunkt for elbil (og elbåtar). Krav til berekraftig materialbruk: tre.

Sogndal

Innspelsmøte for Sogndal 27.10.

Tenester

 Demokrati før kommunen konkluderer. Aktive medverknadsprosessar for utvikling av tenester. 10 satsingsområde for framdrift. Langsiktig planlegging.

God kompetanse, bevisst i rekruttering. Samordning av rutinar. Vere tilgjengelege i heile kommunen. Livskvalitet i alle ledd. Bedre digitale plattformer, kommunen må rettleie, kortare responstid. Digitalisering, samordning. Sette av midlar for opplæring av digitalisering for eldre. Forenkle og forbetre. Knyte band til it-bedrifter. Vere til stades, inkludere samfunnet. Ideutveksling. God IKT-kompetanse.

Oppvekst: Nok kapasitet i skule, barnehagar. Barnehage lokalt. Kreativ skule.

Helse og omsorg: Bemanne opp kommunale tenester. Mange studentar, ha nok legar og psykologar. Framstå som ei trygg bygd. Kapasitet i eldrebustader. Førebygging for at eldre kan bu heime. Sjukeheimar beheld alle funksjonar, td. kjøken. Ny teknologi for ny tryggleik i eldreomsorg. Rekruttere og behalde sjukepleiarar.

Teknisk: Kommunen må ta driftsansvar for veg, brøyting, lys i nye byggjefelt. God parkering i nye felt. God infrastruktur internt i kommunen. Parkeringsanlegg.

Bustader/innbyggjar

Alle typar bustader i og utanfor sentrum. Mikrohusområde. Reduksjon på leigeprisar for studentar. Eldre heime, klyngetun. Flyktningane er ressursar, ta imot, sette i system. Velkomstpakke for alle som flyttar hit. Meir bevisst plan for inkludering. Inkluderande arbeidsliv. Kartlegge kvifor folk vel Sogndal, marknadsføre oss rett. Opa dør for dei som kjem. Eldre som ressurs.

Stadutvikling

Urbant sentrum i Sogndal. Møteplassar for alle. Lågterskel aktivitetar inne og ute. Dagtilbod for folk med demens. Skatepark. Kommunal fleirbrukshall. Konsertstad utanfor meieriet. Utvikle kulturarena. Kalendarløysing på heimesida. Snarvegar i sentrum. Universell utforming. Bygd med bykvalitetar. Smartbygd. Underjordisk avfallssystem. FUS. Flyplassen må prioriterast, kortbanenett og elfly. Gode ferjesamband. Infrastruktur, kollektiv, knutepunkt for kollektiv. Sykkelveg, belysning. Gjestehamn.

Fritidstilbod til alle, Solhov. Aktivitetssenter barn og unge. Samarbeid med lag og org. Felles plattform for promotering av fritidstilbod. Frivillig besøksteneste. Festivalar og arrangement. Esport. Gaming. Subsidiere utvikling av fritidstilbod.

Friluftsliv

Møteplassar i friluft, bålplass. Lågterskel friluftsliv. Samarbeide med DNT om stiar. Tilgang til fjord og fjell. Sykkelstiar i alle grender. Gratis parkering ved friluftsområder. Inngrep i naturen med kvalitet. Ikkje dyre aktivitetar, utlånsordningar. Merking av turstiar, lokalt kart. Pump track. Sentrumsnære, lågterskel turstiar. Sommarjobb å vedlikehalde stiar. Badeplassar, vedlikehald. Frisbeegolf. Utstyrssentral. Skiløype Hodlekve – Sogndal sentrum. Halde på ressursar knytt til friluftsliv, vedlikehalde friluftsområde. Synleggjere turpostar. Vedlikehald av badeplassar, universell utforming.

Vekst og utvikling

Støtte næringsliv: Investere i gode idear som skapar arbeidsplassar. Gode på nyetablerarar, må prioriterast framleis. Oppstartsmidlar for etablering av næring, rådgjeving. Billige lån, synleg næringsapparat. Marknadsføre stønadsordningar. Samarbeid med bankane. Låg terskel frå ide til gjennomføring (næring og frivilligheit). Oppdaterte planar, ja-kommune. Gode rammevilkår for utbygging. Areal til ny næring. Billig leige av lokale. Naturbasert turisme, skape betre fortellingar om Sogndal.

Vertskommune: Møteplassar for næringslivet. Koble kompetansemiljø, største kompetansemiljø for bær og frukt. Tydeleg vertskommune, også for studentar. Ta vare på eksisterande bedrifter, høgskule. Utdanne framtidige arbeidsplassar, vise seg fram.

Regionalt arbeid: Synleg for regionen, Oslo, Bergen. God infrastruktur til og frå Sogn. Lokale posisjonar i styre og verv. Behalde viktige tenester i kommunen: politi, beredskap.

Berekraft

Kommunikasjon: 0-utsleppskommune, engasjere innbyggjarar i kommunens klimaplan

Areal: Langsiktig arealplanlegging. Fortetting, høg arealutnytting i og rundt sentrum og i Hodlekve. Einebustader i utkantane. Ekspropriere bygg for næring og bustad. Ikkje lov å byggje på myr. Arealnøytral, bygge ein stad, skape natur ein annan. Sikre naturmangfald. Verne om grøntareal og friluftsområde, også i sentrum. Rydde opp i strandsona, ikkje privatisere. Ta vare på kulturlandskapet.

Transport: Gang- og sykkelvegar, t.d. sentrum - Årøy. Bildeling, kollektiv, sykkel på buss. Heilskap i Sogn: treng ikkje alt i alle kommunar. Gå saman med Lærdal om ishall td.

Energibruk: Energieffektive kommunale bygg. Plan for å redusere energiforbruk. Tilskot til energibesparing i nybygg og gamle bygg. Solenergi og fjordvarme. Redusere straumforbruk

Handel, forbruk: Rekoring, Restaurantar må gje vekk mat. Simas ope på laurdag, levering av hageavfall utanom opningstid. Opningstid på brukbutikken.

Innspel frå nettsida

Innspel 1

  • Fokus på sykling, tilrettelegging for ungar på Kaupanger

Innspel 2

  • Ynskje om sykkelsti

Innspel 3

  • Sykling på Kaupanger, asfalterte stiar for ungar og vaksne

Innspel 4

  • Ynskje om stiar på Kaupanger

Innspel 5

  • Bilfritt levande sentrum - møteplass for gamle og unge
  • Tilrettelegge for meir bruk av sykkel (sykkelvegar og parkering) i heile storkommunen
  • «femminuttarskvardagen» - viktige tenester i nærleiken av bustadar
  • Friluftsbasert turisme – ta vare på naturen og promotere destinasjonen

Innspel 6

  • Ynskje om skatepark i Sogndal

Innspel 7

  • Ynskje om betongpark (pass på størrelse, ikkje for liten)

Innspel 8 (Sogn og Fjordane Elbilforening)

  • Ønskjer eit større og betre hurtigladenettverk for elbilar, og destinasjonsladarar på strategiske punkt
  • Enkel og trygg løysing for å lada bilane sine heime med heimeladar – eventuelt solcellepanel til opplading av elbil?
  • Betre tilbod på elektrisk transport, om det er sykkel eller buss. Moglegheit for å reise utsleppsfritt på fornybar kraft

Innspel 10

  • Sosial, kreativ og inkluderande møteplass. Handverkinteresserte har ingen plass å kunne drive med sin hobby – laga eit tiltak som skal ha som mål å redusere einsamheit, få fleire aktivisert, få fleire i arbeid ved å få kunnskap om praktisk arbeid, bruke eldre som ressurs for skulelei ungdom, skapa ein inkluderande møteplass

Innspel 11

  • Lågterskel turruter i alle bygder. Betre, og fleire markerte løyper - informasjonsskilt i sentrumsparken med oversikt over turruter på ulike nivå.

Innspel 12

  • Trafikkfarleg veg til Nornesfeltet frå riksvegen grunna manglande sikt

Innspel 13

  • Gjere det meir attraktivt å bu i utkantane
  • Regulering av feriebustadar der målet er å prioritere folk som bur ein stad heiltid

Innspel 14

  • Fleire møteplassar og aktivitetar for barn og unge vaksne utanfor heimen, ynskjer som bowling og kafé/restaurant på Kaupanger

Innspel 15

  • Betre løysing på trafikken i Gravensteinsgata
  • Ny kommunal idrettshall i Sogndal

Innspel 16

  • Ynskje om hopplinje til sykkel i Sogndal
  • Skatepark/-hall

Innspel 17

  • Oppfølging på barn som oppheld seg i parken på ettermiddagar og i helger. Natteramnar, synleg politi, foreldre.

Innspel 18

  • Høgare minstelønn for tilsette i kommunen, eventuelt bonusar til bedrifter som har høg minstelønn
  • Forbetra helsesektoren i Sogndal (no er det lange ventetider og legar er overarbeidde), fleire kontorarbeidarar kan gje avlasting til legar og sjukepleiarar
  • Anbefale innbyggjarar i Sogndal til å bruka alternativ oppvarming i staden for fyringsomn for å forbetre luftkvaliteten

Innspel 19

  • Ynskje om eit betre lokale for arbeid med funksjonsnedsette. Dagens lokale (Saften, Leikanger) er dårleg utforma, har dårleg inneklima, og har uheldige løysingar i forhold til brukarar i rullestol (t.d. rømningsveg) - lokalet blir derfor ikkje nytta så mykje som ynskjeleg

Innspel 20

  • Fortsetta arbeidet for idrettar utanom den vanlege ramma for å forhindre at ungdom som elles hamnar «innimellom stolane» har aktivitetar å velja i utan å måtte reise vekk, t.d. betongpark

Innspel 21

  • Utvikla nye tomter på Leikanger, t.d. på Henjabakkane. Arbeide for eit aukande folketal her

Innspel 22

  • For få ledige byggjetomter for private bustadar i Leikanger
  • Henjavegen inn i samla plan for utbygging av bustadar på Henjabakkane då vegen er einaste adkomstveg til området, vegen er ufarbar og må utbetrast
  • Betre vintervedlikehald og auka akseltrykk på Henjavegen

Innspel 23

  • Senka prisane på parkering i Sogndal

Innspel 24

  • Betre tilbod på tomter for einebustadar i gå/sykkelavstand til Sogndal sentrum

Innspel 25

  • Ynskje om rettferdig kommunepolitikk, der det ikkje alltid er den som ropar høgast som vert høyrd.
  • Ynskje om at kommunen skal vere for utvikling, private initiativ og utnytting av eigne ressursar (opplever å bli møtt med avslag og negativ innstilling til tiltak og søknadar)
  • Ivareta grøntareal og støtte opp om jordbruket

Innspel 26

  • Forbetra moglegheiter for svømming/bading, fleire basseng - liknande Lustrabadet
  • Lettare tilgang på arbeid for dei som kjem frå utlandet

Innspel 27

  • Ynskje om anlegg for rullebrett, sparkesykkel og liknande, etter positive opplevingar rundt den nye rampen på Kvåle

Innspel 28

  • Det bør satsast meir på eit breiddetilbod innanfor idretten, både organisert og ikkje-organisert.
  • Skatepark og pumptrack i Sogndal sentrum
  • Betre tilrettelegging for sykling på Kaupanger

Innspel 29

  • Oftare tømming av restavfall og matavfall, helst ein gong i veka (særleg om sommaren for å unngå vond lukt)

Innspel 30

  • Sats på betre skular fordelt på tre avdelingar, bygg nye skular for mellomtrinnet 5.-8. klasse
  • Lag trygg overgang på Fjærlandsvegen frå Lerheim til Notsete
  • Større satsing på sykkelstiar fleire stadar i kommunen
  • Oppussing av Notsete barnehage

Innspel 31

  • Ynskje om idrettshall på Kaupanger
  • Fleire hus tomtar på skogen/feltet på Kaupanger
  • Ny og større barnehage på Kaupanger
  • Møteplass for ungdom under 18 år

Innspel 32

  • Halda liv i bygdene ved å satsa meir på kommunale arbeidsplassar på Leikanger og i Balestrand, unngå at alt blir flytta til Sogndal
  • Fjerne parkeringsavgifter og parkeringsbøter på Leikanger og i Balestrand

Innspel 33 og 34

  • Ynskje om idrettshall på Kaupanger med nærleik til barne/ungdomsskulen
  • Leikeapparat i parken ved Europris eller ved ballbinge i Kaupangerbukta
  • Det nye byggjefeltet som Lerum planlegg bør ha nok parkeringsplassar, miljøvennlege hus (solcelletak?), og ein byggjestil som ikkje skil seg veldig ut
  • Maten på alders-/sjukeheimar må forbetrast
  • Fleire sykkelvegar i kommunen
  • Økonomisk støtte til Vil Vite-senteret på Kaupanger – viktig at barna får lære om ulike yrker og utdanningar

Innspel 35

  • Ynskje om gang- og sykkelvegar i utkantane av kommunen for å tilrettelegge for sykling til arbeid
  • Gatelys for å gjera skulevegar tryggare

Innspel 36

  • Landbrukseigedommar utanfor Sogndal sentrum bør ha større fokus på drift og utvikling. Mange gardar tett på sentrum har dårlegare drift og bør i staden nyttast til utbygging, då det lokalt er få eigna områder til bustadbygging.
  • Større fokus på naturlandskap og ivaretaking av desse ved hjelp av drift – kommunen bør i større grad følje opp drive- og buplikt. Alt for mange landbruk forfell eller blir regulert ut utanfor sentrumsområde.
  • Også på Leikanger bør det satsast meir på landbruk

Innspel 37

  • Omregulere ridehallen (gnr. bnr. 107/1) til næringsbygg
  • Omregulere den gamle dampskipskaien frå bustad til næringsareal + flytebrygge
  • Regulere areal til parkering (kart vedlagt i journalpost)
  • Gnr. bnr. 107/3 regulere eit areal til turistføremål, tretopphytter, restaurant/viking langhus, badehus m/badestamp

Innspel 38

  • Betre vintervedlikehald på Kyrkjevegen, opp Stedjeåsen

Innspel 39

  • Ynskje om oppretting av innbyggjartorg i dei ulike delane av kommunen

Innspel 40

  • Betre brøyting av vegar på Kaupanger - særleg øvre Amla

Innspel 41

  • Betre utnytting av fjordens potensiale til fiske – dagens situasjon med reduserte bestandar i fjorden skuldast brisling-fiske, der det nyttast store nøter og kraftige lyskastarar. Men lyskastarane lokkar til seg mange fiskeslag, ikkje berre brisling

Innspel 42

  • Ynskje om at Sogndal skal vere ein grøn og berekraftig kommune med gode uterom og blå/grøne miljø som kan håndtere eit endra klima
  • Gode opphaldsrom for sosial aktivitet målretta ulike aldersgrupper og kjønn
  • Innbydande sentrum med liv og aktivitet – ynskje om større mangfald av aktivitetstilbod
  • Fokus på lokal mat og lett tilgjengelige matvarer direkte frå bonden
  • Sunn, lokal kost i barnehage, skule og omsorgssenter, også vegetare alternativ
  • Det bør prioriterast gode sykkelvegar og parkering
  • Ynskje om ein modig, nytenkjande og kreativ kommune, i eit forsøk på å skape eit berekraftig samfunn jf. FN sine bærekraftmål   
  • Ta vare på økonomi, næringsliv, folk og livskvalitet, miljø og klima
  • Utjamne ulikehitar t.d. i bustadmarknaden

Innspel 43

  • Ynskje om muligheit for fast base for explorer cruise i Sogndal. For å få dette til krevjast det kaiplass på ca. 30 meter

Innspel 44

  • Ynskje om moske/stad for religiøse handlingar, må vere tilgjengelig heile døgnet

Innspel 45

  • Drift i heile kommunen, ikkje berre tettstaden Sogndal. Dette gjeld skule, helse, kultur etc.
  • Asfaltering av sidevegar, grøntområder og beplantning tilgjengelig for alle
  • Ei kjensle av at alle innbyggjarane er like mykje verdt

Innspel 46

  • Infrastruktur må matche innbyggjartal, det skjer mykje utbygging på Kaupanger, men samtidig er det kunn ein barnehage
  • Oppussing av Kaupanger skule - fjerne støy frå ventilasjonsanlegg, og forbetre belysninga i klasseromma

Innspel 47

  • Ikkje desentralisere alle kontor – alt bør vere i Sogndal sentrum og på Kaupanger
  • Mål om 20.000 innbyggjarar i kommunen, med nytt byggjefelt i Eidsgrenda, utbygging på Nestangen
  • Museum ved Heibergske samlingar, indianarsamling
  • Modernisering av Sogndal sentrum, mot Shell

Innspel 48

  • Redusere fartsgrensa på Rv. 5 til 40km/t, frå og med rundkøyringa ved Loftesnesbrua til badeplass ved Sjøkanten

Innspel 49

  • Redusere fartsgrensa til 60 km/t frå Fjerestad til ut forbi busstopp ved Skåsheimselva (Balestrandvegen)
  • Gatelys langs Balestrandvegen, ut til Skåsheimselva (skule- og turveg)

Innspel 50

  • Betre muligheitene for bygging av einebustadar på Leikanger, Henjabakkane
  • Ta vare på nærleiken til fjorden ved Strandavegen, unngå utbygging i strandsona for å hindre privatisering

Innspel 51

  • Bygg ny skule for mellomtrinnet (5.-8. klasse), sats på gode skular fordelt på tre avdelingar
  • Lag trygg overgang på Fjærlandsvegen frå Lerheim til Notsete
  • Større satsing på gang- og sykkelstiar
  • Oppussing av Notsete barnehage

Innspel 52

  • Fokus på grunnleggjande tema som er viktig for helse - luftkvalitet, støy, nærleik til naturen, lysforureining
  • Arbeide mot mindre trafikk i Sogndal ved å auke parkeringsavgifter og støtte bruk av sykkel
  • Gi støtte til utskifting av gamle vedomnar
  • Begrense utebelysning
  • Begrense høgde på bygningar

Innspel 53

  • Ynskje om å få innlagt vatn i bustadhus ved Årøyvegen
  • Kvar vert det av reservevatnet som skulle borast på Årøy?
  • Gang- og sykkelveg i Årøy

Innspel 54

  • Ynskje om brøyting av veg heilt fram i Huksdalen f.o.m. mars månad og opparbeiding av parkeringsplass ved brakker på ca. 600 m.o.h., som vil gje tilgang til flotte turområder (Voggebreen, Rindabotn, Stav og Troeggi)
  • Tilrettelegge for trygge skiopplevingar for alle aldrar og ferdighetsnivå

Innspel 55

  • Ynskje om møteplass i Balestrand for hundeeigarar, der hundar kan springe fritt og treffe andre hundar (grøntområde ved barnehagen, på andre sida av Balehaugen har stort potensiale)

Innspel 56

  • Behalde nødvendige tenester lokalt (skular, legekontor, eldreomsorg)
  • Kommunen bør legge opp til at det eksisterande næringslivet kan drive godt, samtidig som det skal vere rom for at nytt næringsliv skal kunne etablere seg – auke i arbeidsplassar
  • Verne om natur og mangfald, inkl. rovdyr
  • Fremje fornuftig, naturvennleg kraftproduksjon (ikkje vindkraft)
  • Leggje til rette for at alle innbyggjarar skal ha nærleik til natur
  • Få i stand gode og dekkjande kollektivtransporttilbod

Innspel 57 (SIM - Sogndal Indremisjonsforsamling)

  • SIM - Sogndal Indremisjonsforsamling er i ferd med å veksa ut av lokala på Granden 23, og ser etter moglegheiter for å byggja eit fleirbruksbygg sentralt i Sogndalsfjøra/campus. Ynskjer å inkludera forskjellige aktørar (eks. barnehage, kultursal turnhall etc.)

Innspel 58

  • Ynskje om å starte opp eit konsept med fjordsauna i Sogndal kommune som kan vere med å bidra til å auke interessa for Sogndal

Innspel 59

  • Ynskje om ein positiv kommune, med tilsette som kan hjelpa alle innbyggjarar
  • Kommunen bør bli flinkare på å svara på telefon, og om ein finn nokon på kontoret bør dei og kunna gje eit svar
  • Positive svar på spørsmål, innanfor rimelege tidsrammer

Innspel 60 (Saman)

  • Studentsamskipnaden på Vestlandet har samtala med HVL og Statsbygg angåande nye studentbustadar i Trolladalen 26 (gamle lærarskulebygget)

Innspel 61

  • Klimaperspektivet må vere tydeleg i samfunnsplanen, med særleg vekt på enkelte punkt:
    • tiltak for klimavennleg offentleg og privat forbruk
    • berekraftig lokal næringsutvikling
    • analyse av klimarisiko lokalt
    • forvaltning av det biologiske mangfald

Innspel 62

  • Ynskje om gang- og sykkelsti frå Årøy til Sogndal (tryggare framkomst til Sogndal sentrum og turmuligheiter)
  • Veg frå Årøy til Saurane hadde opna opp områder til ny bebyggelse
  • Sogndal bør profilera seg meir som ein ski/fjell/sykkel/klatre destinasjon

Innspel 63

  • Ynskje om brukbar kollektivtrafikk i Sogndalsdalen
  • Samanhengande nettverk av turistar i Sogndalsdalen (skisse av eksempel til turistnettverk vedlagt i journalpost)

Innspel 64

  • Ynskje om utandørs treningsapparat

Innspel 65 (Kulturrådet)

  • Kulturrådet ber om at planprogrammet blir endra for å fange opp kulturfelt på ein betre og meir heilskapleg måte enn noverande situasjon då planprogrammet ikkje legg opp til å utarbeide ein eigen plan for kulturfeltet
  • Sogndal kommune må ta større ansvar som regional kulturkommune med auka fokus på både det frivillige og profesjonelle kulturarbeid
  • I følgje kulturbarometeret til Telemarksforsking for 2017 er dei kommunale kulturutgiftene pr. innbyggjar i alle dei tre kommunane som utgjer nye Sogndal kommune, under landsgjennomsnittet
  • Samfunnsplanen bør diskutere korleis det kommunale verkemiddelapparatet kan stø opp og bidra til å utvikle kulturfeltet – eige kapittel i kommuneplanen for kulturfeltet med status, behov og framtidige målsettingar
  • Kultur parallelt med natur som rekreasjonsarena, stadutvikling og samfunnsentreprenørskap i strategisk plan for samfunns- og næringsutvikling
  • Definert ambisjonsnivå bygd på kunnskap og vilje til å realisere ein kulturpolitikk for kommunen – forpliktande opptrapping på kulturfeltet
  • Sogndal kulturråd ber om at det i samfunnsplanen vert omtalt at det skal utarbeidast ei eige kulturmelding for Sogndal kommune (programfeste årleg kulturmelding til handsaming i kommunestyret
  • Balestrand som kulturelt fyrtårn i kommunen?
  • Samspel mellom frivillig og profesjonelt kulturarbeid (Balejazz, samarbeidsprosjekt mellom distriktsmusikarar og amatørar)
  • Auka kommunale ambisjonar innanfor kulturfeltet

Innspel 66

  • Ambisjon om å bli eit levande laboratorium for å utvikle morgondagens lokalsamfunn
  • Mobilisere folk for å sikre at dei tek del i å skapa nye løysingar – modernisering nedanfrå som alternativ eller supplement til modernisering ovanfrå
  • Ynskje om betre kommunikasjon mellom kommunen og innbyggjarane
  • Legge til rette for betre utnytting av tilsette innanfor helsetenesta – gje tilsette tid til det viktige, og sikre at ny teknologi blir introdusert med aktivt samarbeid med brukargrupper slik at dei i størst mogleg grad kan hjelpe seg sjølve
  • Kommunen må bli energieffektive til overkommelege kostnadar – redusere byggekostnadar/driftskostnadar slik at innbyggjarar og næringslivet kan bli eigne energiprodusentar
  • Fremje høgteknologisk hagebruk
  • Meir effektiv informasjonsdeling
  • Gjere Sogndal til ein attraktiv stad for entreprenørar
  • Gjere Sogndal til ein attraktiv stad for forsking og utvikling
  • Lanser problem heller enn løysingar i planarbeid: kommunen saman med innbyggjarar lanserer problem eller moglegheiter i planlegginga. Poenget vert deretter å finne gode løysingar. I for mange planar vert det lansert ferdige løysingar
  • Ei folkeleg samfunnsplan, kutt så mykje som mogleg av stammespråk som strategi, planprogram, kopling til FN-berekraftmål og liknande (forslag: lag ei ti-punkts liste med særleg prioriterte saker i staden for å drukne planen i alt for mange mål, delmål og strategiar

Innspel 67

  • Betre tilrettelegging for stisykling i nærområda rundt Kaupanger

Innspel 68

  • Betre tilrettelegging for stisykling i nærområda rundt Kaupanger/Sogndal

Innspel 69

  • Større satsing på stisykling i nærområda, og ivaretaking av nye og eksisterande sykkelstiar på ein fornuftig og berekraftig måte

Innspel 70

  • Ynskje om at Sogndal skal ta vare på verdien og kulturen i småbygder (Amla)

Innspel 71

  • Ynskje om betre tilrettelegging for stisykling i nærområdet rundt Kaupanger

Innspel 72

  • Ynskje om at ny samfunnsplan vil vektlegge tilrettelegging av sykling i utmark, ivareta og utvikle eksisterande stinettverk og sykkelattraksjonar 

Innspel 73

  • Ta vare på- og utvikle terrengsykkelmoglegheitene, opne opp for løyper til alle ferdigheitsnivå (viser til terrengsykkelpark Nilsbyen på Byåsen i Trondheim)

Innspel 74

  • Sogndal kommune må bidra til klimagassreduksjon gjennom sin rolle som planmyndigheit eigedomsbesittar, arbeidsgivar innkjøpar, tenesteleverandør og samfunnsutviklar
  • Jobbe i mot å integrere klima og miljø i heile kommunens verksamheit - inkludere berekraftsmål nr. 13 som særleg relevant
  • Ha konkrete og kvantifiserbare mål for reduksjon av direkte og indirekte klimagassutslepp, samt knyta desse til gode målbare indikatorar for framdrift
  • Etablere eit klimagassbudsjett og ein klar plan på korleis ein kan jobbe for å nå måla
  • Legge til rette for mindre bilkøyring
  • Sykkelparkering på skysstasjonen, med takoverbygg
  • Legge til rette for delingstenester for el-sykkel og bil
  • Legge til rette for lågare forbruk hos innbyggjarar
  • Støtte opp om fiske- og gjenbrukstenester
  • Legge til rette for gjenbruk- og materialgjenvinning i kommunens verksamheit (eks. Loopfront)
  • Stille klima- og miljøkrav krav ved anbod
  • Legge til rette for sirkulær- og delingsøkonomi
  • Stoppe nedbygging av myr
  • Betre busstilbod opp til Sogndal skisenter om vinteren
  • Større utfartsparkering om vinteren ved inngangen til Frudalstunnelen
  • Pumptrack i Sogndal

Innspel 75

  • Ynskje om god tilrettelegging for stisykling i nærområdet rundt Sogndal sentrum

Innspel 76 (Norsk forbund for utviklingshemma Sogndal og Leikanger)

  • Gode bumoglegheiter, uavhengig av økonomi, utdanning, funksjonsnedsetting
  • Gode arbeidsmoglegheiter for dei som har psykisk utviklingshemming – tidleg samarbeid mellom arbeidsplass, nav, skule, verje, brukar osb. angåande tilgang til arbeid
  • Sikre tilgjengelegheit til barnehage og skular med tilhøyrande leike-/rekreasjonsområde
  • Sikre gode overgangar frå vidaregåande til arbeidslivet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Vaksenopplæring: sikre at alle behov blir dekka, sikre at alle tilbod blir oppretthaldt ved særeigne/uventa hendingar (covid-19)
  • Ruste bu og miljøtenesta slik at det er nok avlastningsplassar, gjerne i brukarane sine lokalmiljø – ulike avlastningsordningar tilpassa til den enkelte familie
  • Turløyper tilrettelagt for rullestolbrukarar (supplement til dagsturhyttene)
  • Tilkomst til offentlege fasilitetar, som badestrender, ski anlegg, oppvarma basseng, musikkbinge med auka universell utforming (hc-toalett, hc-parkering, inngangsparti etc.)
  • Fremje paraidrett i alle delar av kommunen, idrettslag bør kunne bistå kvarandre med kompetanse for inkludering av menneske med utviklingshemming
  • Fleire møteplassar med lav terskel tilbod
  • For menneske med nedsett funksjonsevne: sikre gode og koordinerte tenester etter den enkelte brukars og families behov – gode rutinar for samarbeid mellom tenestene og koordinerande eining etc.
  • Sikre at tidlegare øyremerka bustadtilskot også vert brukt på personar med utviklingshemming ved kjøp av eigedom eller ombygging\oppgradering – ordningar som støtter opp under at personar med utviklingshemming skal ha moglegheit til å eige eigen bustad
  • Ikkje større bufellesskap eller institusjonsliknande bustadar for ulike brukargrupper i same område (rus, psykiatri, utviklingshemming)
  • Fleire omsorgsbustadar i Sogndal sentrum
  • Sikre at tenester ikkje blir uforholdsmessig dyre for menneske som må nytta seg av, og betale for fleire tenester. Mange menneske med utviklingshemming betalar mykje i eigendelar på grunn av sjukdom, dei må oftare kjøpe tenester, og må dermed betale meir om dei må ha større bustad grunna funksjonsnedsettinga
  • Opprette brukarutval der ein ser at det er særlege grupper som kan trenge dette (eks. brukarutval for personar med utviklingshemming i Balestrand). Vurdere om det er behov for andre brukarutval for å sikre god flyt av kunnskap og informasjon mellom teneste, brukar og pårørande\verje.
  • Ordningar som sikrar at ein kjem seg til kommunesenter, administrasjonsbygning, NAV-kontor, aktivitetar i regi av frisklivs- og frivilligsentral etc. utan å være avhengig av bil (ringbuss)

Innspel 77

  • Gode planar og planprosessar som legg rammer for utvikling og utbygging og som er arealeffektive
  • Viktig med analysar i botn (stadanalyse, landskapsanalyse etc.)
  • GIS og gamle planar som grunnlag for ei analytisk tilnærming mot gode potensielle utbyggingsområde

Innspel 78

  • Ynskje for best mogleg tilrettelegging for stisykling i nærområda rundt Sogndalsfjøra

Innspel 79

  • Ynskje for best mogleg tilrettelegging for stisykling i nærområda rundt Sogndal og Kaupanger

Innspel 80

  • Ynskje for best mogleg tilrettelegging for stisykling i nærområda rundt Kaupanger

Innspel 81

  • Tilrettelegging for rekreasjon ved Sogndalselvi. Forslag om slalombane for kajakk/kano og surfebølge på det nedste strekket i elva, ved mølla – ein unik attraksjon midt i sentrum

Innspel 82

  • Ynskje om betre tilrettelegging for stisykling i nærområdet rundt Sogndal

Innspel 85

  • Viser til mål 1 i den kommunale planstrategien: Kvålslid Vest grendalag ynskjer at Sogndal kommune tar meir ansvar for kommunal tilkomstveg til bustadfeltet, då bebuarane her sjølv har måtta tatt ansvar for vedlikehald og kostnadar av kommunal veg

Innspel 86

  • Ynskje om god tilrettelegging for stisykling i Sogndal

Innspel 87 (Leikanger barneskule)

  • Ynskje om trygge skulevegar for elevar:
    • dei som bur i byggjefeltet Stadheimsgarden og oppover Njøs har ikkje trygg nok skuleveg
    • det manglar ei trygg gangsone frå busshaldeplassen og opp til skulen
    • det manglar gjerde i forlenging av brurekkverket ved gangbrua frå Dalen – Hagane til skulen
  • Leikanger barneskule vernerundeplan har fleire større utbetringar som står på vent
  • Skulen og bygda treng svømmebasseng til svømmeopplæring
  • Skulen/kommunen arbeider med ei aktivitetsløype for skulen og for folk i alle aldrar, her har ein tilsegn på eksterne midlar, samt at det er stor dugnadsinnsats – det er viktig med kommunal støtte for å ferdigstille arbeidet
  • Ynskjer auka satsing på entreprenørskapssamarbeid med verksemder og lag i bygda

Innspel 88

  • Tilrettelegging for ski-aktivitetar, topptur og terrengsykling
  • Ynskje om at kommunen tar ei større rolle innanfor kultur, og kan by på eit rikt kulturtilbod og møteplassar
  • Levande sentrum med moglegheiter for utsleppsfri og trygg transport – sykkelveg frå Leikanger til Sogndal

Innspel 89

  • Ynskje om dedikerte stisykkelanlegg (Kaupanger?) med stinettverk tilpassa ulike brukargrupper og ulik vanskelegheitsgrad + teknikkområde
  • Opprusting av eksisterande badeplassar i Amla og ved Bjørkanausti (samarbeid med Amlabukti grendalag?)
  • Legge til rette vidareutvikling av moglegheiter for langrenn i det snøsikre området rundt Hodlekve – utvide løypenettet (ferdig etablerte traktorvegar som kan nyttast). Dette blant anna for å betre moglegheitene for dei som ynskjer å satse på langrennsporten i Sogn
  • Sikre eit areal for øvelseskøyring og fritidskøyring med snøscooter enten på aust- eller vestsida av Sogndalsdalen
  • Sikre at born får tilbod i gode barnehagar der dei bur og at det er nok tilsette for å sørge for ei forsvarleg drift
  • Opprusting av Kaupanger skule med tilhøyrande gymsal
  • Legge forholda til rette for nyetablerarar og sikre områder for utvikling av næringshagar
  • Opprusting av VA-anlegg på Kaupanger til dagens standard – bebuarar slit med lekkasjar på hovudvassleidninga og avløpsleidninga, manglande separat system for overvatn, dårleg kapasitet
  • Reinseanlegg for å betre tilhøva i fjorden

Innspel 90

  • Utjamning av sosiale ulikskapar, auka universell utforming
  • Det må vere nok sentrumsnære bustadar tilgjengeleg for dei som treng å bu nær tenester
  • Det må vere mogleg å bu i heile kommunen
  • Tettare samarbeid mellom frivilligsentralen, næringsliv og frivillige organisasjonar
  • Benkar og treffpunkt i heile kommunen
  • Leikeplassar for alle
  • Turstiar i naturen med lågterskeltilbod slik at fleire kan nytte disse
  • Frivilligsentral i alle delar av kommunen
  • Frivillige organisasjonar samarbeida om uformelle møteplassar for sosiale treff
  • Frivilligsentralen som koordinator? Ta eine initiativ?
  • Alle skal kunne nå alle tenester i alle delar av kommunen – sette opp offentleg transport (ringbussar) som kompenserande tiltak
  • Avlastningstilbod i lokalmiljøet til brukarar
  • Etablera høyrselskontakt (audiograf/audiopedagog) som kan vera ambulerande i samarbeid med andre kommunar
  • Det må vere nok fagfolk med rett kompetanse i ambulante team som har sine dagar rundt i kommunen
  • Tannlegetilbod ved Balestrand helsetun
  • Plan for sikre overgangar for innbyggjarar
  • Koordinator-teneste med nok ressursar til å kunne bistå brukarar
  • Brukarmedverknad til rett tid og tidleg nok – etablere brukarutval

Innspel 91

  • Større fokus på å forbetre sykkelmiljøet på ein berekraftig måte – for eksempel i form av betre kollektiv transport til områder med mykje sykkelaktivitet, betre og meir informativ kartlegging og markering av sykkelløyper, utforming og av nye sykkelstiar

Innspel 92 (Leikanger næringshage)

  • Ynskjer å få til meir liv og røre i sentrum av Leikanger/Hermansverk
  • Sjå vedlegg på journalpost for presentasjon av idear

Innspel 93 (Kaupanger Hovedgård)

  • Ynskjer å vidareføra eksisterande målsetjing om å leggje til rette for god forvaltning og synleggjere verdien Kaupanger Hovedgård og Kaupanger stavkyrkje utgjer som freda kulturmiljø
  • Revidert forvaltningsplan for Kaupanger Hovedgård bør knytast opp mot samfunnsplanen slik at den i større grad vert bindande, både for eigar og forvaltningssystem
  • Tydeliggjering av Amlabukti som inngangsport til verdsarvområdet
  • Stadanalysen for Kaupanger bør reviderast, og inn i samfunnsplanen
  • Utarbeide felles kulturminneplan, med planomtale, føresegner og retningslinjer som del av arealplanen
  • KU av nyskapande friluftsliv og effekten på skog og mark, og flora og fauna – som resultat av negative konsekvensar av auka nytte av skogane på Kaupanger (gjer det mogleg å overvake tilstanden over tid og å gjere tiltak, både på kort og lengre sikt som sikrar skogane som felles gode
  • God dialog med grunneigarar når det blir teikna område for stisykling i arealplan (stien ved Kaupangerholten er viktig område for storfugl)
  • Ivareta biologisk mangfald – innteikna stiar i arealplan som går gjennom verneområde må fjernast (med unntak av Vardahei)
  • Betre handtering av søppel og aukande sanitære problem

Innspel 94

  • Fremje læring og trivsel, som bygger kunnskap og identitet med utgangspunkt i lokalsamfunnet
  • Ynskje om å ta i bruk Active Smarter Kids (ASK) og det tverrfaglege verktøyet Geoatlas i grunnskulane

Innspel 95

  • Lokalsamfunnet blir best når ein sikrar at alle innbyggjarar blir møtt med like moglegheiter, respekt, får same tilgjengelegheit til alle tenester – alle må bli ivareteken med dei behova dei har
  • Menneske i sentrum, alle innbyggjarar skal bli ivaretatt
  • Viktig med satsing på dei minste borna, uavhengig av bakgrunn, med tidleg tilrettelegging der det trengs
  • Større satsing på norskundervisning og yrkesrettleiing for innvandrarar – betre moglegheit for arbeid
  • Oversikt/organisasjonskart over tenester, tilsette og folkevalde i den nye storkommunen

Innspel 96 (Sogn Terrengsykkel v/leder Petter Andreas Strøm)

  • Meiner det er viktig at Sogndal kommune identifiserer verdien av det unike og naturlege utgangspunktet kommunen har for sykkel stinett, kartlegg områder som utgjer ei sentral rolle i tilbodet for stisykling i Sogndal og beskyttar identifiserte områder frå utbyggingar, omreguleringar osb.
  • Ynskjer planlagt og koordinert utvikling av tilbod for moderne friluftsaktivitetar i Sogndal kommune – legge til rette for ei framtidsretta og berekraftig utvikling av tilbodet for moderne friluftsliv, som ivaretek interesser for lokale innbyggjarar og turistnæring
  • Etablering av sykkelstiar som passar aller ferdigheitsnivå og aldersgrupper
  • Aktivitetstilbod innan moderne friluftsliv for personar med funksjonsnedsetting
  • Auka tilgjengelegheit til eksisterande stiar og framtidig stinettverk – betre moglegheiter for transport av sykkel på buss (eks. utvendige stativ) og etablere elles utfartsstadar (trailheads) med parkering, vaskestasjon, infotavler, busshaldeplass
  • Etablere egna og trygge ferdselstrasear frå trailheads til dei mest populære stiområda
  • Betra skilting i eksisterande og framtidige stiar, både til nytte for syklistar og andre brukargrupper
  • Digital plattform/teneste for stisykling:
    • Mogleggjer kanalisering av ferdsel til berekraftige stiar som er best eigna for sykling og kan vedlikehaldast
    • Synleggjere gode/eigna stiar for sykling
    • Sende meldingar til brukarar om lokale forhold (jakt, byggearbeid, anna)
  • Støtta lag og frivillige organisasjonar i å gjere vedlikehald og tilrettelegging for aktivitetar i skog og mark, etablere avtalar og løyver for rydding, vedlikehald, utvikling og tilrettelegging for m.a. stisykling
  • Sette av definerte område med eigna kvalitetar for sykling der det skal utviklast stinettverk for sykling
  • Etablere eit tilbod for stisykling i nær tilknyting (sykkelavstand) til alle tettstadane i Sogndal Kommune
  • Etablere pumptracks, hopp-linjer og teknikk-arenaer

Innspel 97

  • Forslag om etablering av fleire utsiktspunkt rundt om i kommunen, t.d. ved Stedje kyrkje, langs vegen opp mot Åberge eller ved Amla. Utsiktspunkta kan bestå av plattform/veranda med benk og infoskilt

Innspel 98 (Musikklærar ved Kaupanger skule)

  • Ikkje nøgd med ned prioritering av musikkfaget i skulen, for stort fokus på målbare resultat, prestasjonar og nasjonale prøvar – dette skapar eit stort press på elevane. Musikk og andre praktisk-estetiske fag gjer menneske sterkare psykisk og bør få høgare status
  • Kunst og kultur, song og musikkliv må løftast fram, særleg i tider som no der me har utfordringar knytt til psykisk helse, både i barnehagen, i skulen, i kyrkja, i sosiale samankomstar og i offentlege samanhengar
  • Alle lærarar i Sogndalsskulen burde få delta på kurs der dei får påfyll og tips til korleis dei kan innlemma musikk og song i skulekvardagen. Song bør vera ein del av kvar einaste skuledag, ikkje berre den eine (eller halve) timen i veka der dei har musikk
  • Sogndal kommune burde ha eit helsekor og eit seniorkor, eit gratistilbod til innbyggjarar, samlingsplass
  • Allsongprosjekt i kommunen, i liknande stil som «Allsang på grensen»?


Innspel 100 (Økoringen Vest)
 

  • Kravet om berekraft (klimanøytralitet og reparasjon av alt oppståtte klimaskadar) bør komma med som føresetnadar for den framtidige utviklinga av kommunen dvs. mellom anna legge opp til eit radikalt lågare forbruk av fossile brennstoff
  • Vern av matjord er eit viktig tema, og bør omfatte alle kategoriar dyrka mark – jordvern kunn i kjerneområda er ikkje nok
  • Ta vare på småbruk– ikkje del dei opp som enkelttomtar til husbygging
  • Små flekkar med matjord burde takast vare på same måte som større samanhengande areal og gjere tilgjengeleg for folk som vil drive med lokale dyrkingsprosjekt
  • Det bør leggjast opp til at fleire innbyggjarar har høve til å engasjere seg i praktisk dyrking av mat
     

Innspel 101
 

  • Sogndal kommune bør ha ein klar og tydeleg strategi for dei tre sentrumsområda i tettstadane Sogndal, Leikanger/Hermansverk og Balestrand/Holmen
  • Menneskeleg aktivitet, attraktivitet, bu-lyst – førebygge utanforskap og einsamheit, fremje folkehelse, arbeidsplassar og vekst, berekraft
  • Økonomisk aktivitet skapar optimisme, drivkraft i stadutvikling, levande stadar og sosiale arenaer, skapa opplevingar, underhaldning, møter mellom menneske
  • Auka satsing på kultur og kulturaktivitet
  • Moglegheita til å kunne flytta seg frå ein stad til ein annan (gå, sykle, bil, kollektiv transport) gjev tryggheit, fridomskjensle, sjølvstendigheit, tilgjengelegheit
  • Sogndal kommune treng stader for opplevingar, aktivitetar, samhandlingar, samvær, einsamheit, ro og observasjon – ulike behov
  • La oss tenke nytt rundt kva sentrum skal være i framtida, og korleis enkeltpersonar og verksamheiter kan bidra med nyskaping slik at nye moglegheiter oppstår. Korleis kan vi bruke sentrum til entreprenørskap, nye arbeidsplassar, nye tankar og idear, midlertidigheit og utprøving. Korleis kan generøsitet, kreativitet og mot skape kunnskapsutvikling og overraskingar. Framtidsretta utvikling oppstår når folk får påverke utviklinga av samfunnet de lever i, til å skape og å dele
  • Ta vare på, og vidareutvikla naturens kvalitetar
     

Innspel 102
 

  • Sogndal kommune må ha som mål at alle innbyggjarar skal ha god helse, heile livet – likeverdige tilbod i alle delar av kommunen
  • Ikkje «reparasjonstiltak», men førebyggjande tiltak
  • Samla og gje informasjon om aktivitetstilbod i kommunal og frivillig regi på ein felles kommunikasjonsplattform
  • Sikre gode aktivitets- og helsetilbod for dei svakaste gruppene i samfunnet
  • Svangerskapsundervisning for blivande foreldre
  • Sikre god helse og kunnskap hos gravide, særleg fokus på utsette grupper som minoritetskvinner og personar med sosiale utfordringar – lågterskeltilbod
  • Primærførebyggande tiltak i alle barnehagar og skular i kommunen. Motorisk kartlegging av 5 mnd. babyar og 6-åringar for å avdekke utfordringar tidleg og iverksetje tiltak tidleg
  • Aktivitetstiltak for born og ungdom som ligg etter i motorisk, kognitiv og sosial utvikling, samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for å fremja fysisk aktivitet blant barn og unge, også fokus på dei som fell utanfor andre fritidsaktivitetar
  • Rettleiing av familiar med livsstilsutfordringar, og plan på oppfølging
  • Skape arenaer der fleire born, vaksne og eldre kan drive aktivitetar i lag
  • Tilgjengelege bustadar for innbyggjarar som er vanskeleg stilte i høve til økonomi, helse, ekstrabehov – fysisk tilrettelagde bustadar
  • Tilbod som i dag finst på frisklivssentralen retta mot vaksne og kosthald, søvn, endring av levevanar også inn mot ungdom og barnefamiliar
  • Kommunen bør tilby lågterskeltilbod til innbyggjarar som ynskjer hjelp til livsstilendring
  • Legge til rette for at eldre skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim
     

Innspel 103

  • Visjon om at Sogndal 2030: eit attraktivt og komplett bu- og arbeidsområde, kommunen leverer gode kommunale tenester tilpassa busetnad og utviklingsmønster i alle delar av kommunen, kommunen utøver sine roller på ein open og konstruktiv måte, i godt samspel med offentlege og private aktørar og lag og organisasjonar, offensiv tilnærming til berekraftig utvikling og skaparvilje. Tydeleg strategi på å støtte opp om særtrekk, fortrinn og utviklingsmoglegheiter i ulike delar av kommunen – heilskap i utnytting og utvikling av kommunen

Innspel 104

  • I samanfatting av innspel frå kommunale råd

Innspel 107 (FAU Kaupanger skule)

  • Behov for å oppgradere skuleplassen og fjerne gummigranulat.
  • Behov for ny idrettshall/gymsal. Bør utvide eksisterande bygningsmasse og bruke ein del av skuleplassen. I samband med dette også sjå på å utvide kapasiteten på klasserom.
  • Behov for ein uformell møteplass for eigenorganisert aktivitet, kanskje nytte Skogly. Ønskje om å starte musikkhub, i samarbeid med kulturskulen.

Innspel 108

  • Viser til rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unge sine interesser i planlegging
  • Kommunen bør legge til rette for gåande og syklande, prioritere samanhengande infrastruktur.
  • Arealet som er tenkt til ny basis- og fleirbrukshall er det siste arealet på Kvåle som er eit mykje brukt friareal. Arealet bak Sogndal/Kvåle stadion bør vurderast som tomt for ny hall.
  • Merke og rydde turstiar

Oppstartsmøte for lokalsamfunn

Oppsummering av innspelsmøte for alle lokalsamfunn 1. oktober.

Drift av kommunen

Legge til rette for eit mangfald av tilsette. Heiltidsstillingar, gode leiarar, god løns- og personalpolitikk, kompetanseheving, vera ein lærande organisasjon, tverrfaglegheit. Synleggjere tenestene, ha serviceinnstilte tenesteeiningar. Tilgjengeleg heimeside, aktivitetskalendar.

Tenester

Desentraliserte tenester, tilbod der folk bur, ambulerande tenester som alternativ. Jobbe førebyggjande. God kommunal livslaupspakke. Planlegge for god nok kapasitet i vekstområde i kommunen. Nytt busenter for eldre i Fjærland, kombinere nytt med oppvekstsenter. Kulturskule i Balestrand. Utvikle kulturskulen i Sogndal: teater, musikk, kreative fag. Tilrettelegge for kommunale arbeidsplassar lokalt.

Samfunnsutvikling

Styrke lokalt eigarskap til kommunale tiltak. Gode planar i samarbeid med innbyggjarar. Systematisk samhandling med innbyggjarar. Områdeplanar. Kommunal koordinering av lokal utvikling, og på tvers av fleire bygder. Bruke lokale ressurspersonar.

Varierte bustadtypar i heile kommunen. Legge til rette for spreidd busetnad i område utan vekst. Nok bustader i vekstområde. Prøvebustader. Infrastruktur. God kommunikasjon (buss og ferje), Tunell mellom Vetlefjorden og Fjærland. Gang- og sykkelveg, gatelys. Snarvegar og fjordsti på Leikanger. Badeplassar i sentrum, nært friluftsliv. Lågterskel turområde. Estetikk i sentrumsområda, stelle grøntareal, universell utforming.

Marknadsføring av kommunen for tilflyttarar. Byggje merkevare. Fordele støtte til næringsliv geografisk.

Støtte frivilligheiten, byggje tillit mellom kommunen og frivilligheiten, gjere tilboda kjende, aktivitet for ungdom og eldre, møteplassar for alle, stimulere til samarbeid mellom ulike lag, kulturutveksling. Inkluderande samfunn. Arrangere Sogndalsdagane i ny versjon. Bruke offentlege bygg heile døgnet.

Klima og miljø

Rein energi, metananlegg, solenergi, enøk-bygg, alle offentlege bygg er 0-utsleppsbygg, fjordvarme, klimarekneskap. Grøn bustadutvikling, ta vare på grøne areal og småskala landbruk, sjølvberging, variert og lokal matproduksjon, alternative næringar på gardane. Handle lokalt, bruke lokale ressursar, betre kjeldesortering, heimekompostering. Kollektivtransport, sykkelvegar, utleigesyklar, hurtigladestasjonar. Styrke kunnskap om natur og miljø. Grøn turisme.

Innspelsmøta var lagde opp etter skulekrinsane. Skulekrinsane har ulik storleik, og me ser no at me også burde ha teke initiativ til eit møte for Sogndalsdalen. Nokre bygder kom med initiativ til eigne møte, og det vart derfor halde fleire møte i Balestrand.

Det er eit mål at flest mogleg av innbyggjarane skal verte høyrde, uavhengig av geografi, kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Me ser at innspela frå nettsida var jamt fordelte etter alder og kjønn, medan gruppa som var mest representerte på innspelsmøta, var vaksne menn. Samtidig har dei kommunale råda gjeve innspel i eit eige møte.

Innspela vert no brukte i utarbeidinga av eit framlegg til samfunnsplan for Sogndal kommune. Framlegget vil verte lagt ut til offentleg ettersyn våren 2021. Kommunen vil då invitere innbyggjarane til å komme med innspel til framlegget.

Me vil takke for gode og reflekterte innspel, og den store viljen til å vere med å bidra til ei god samfunnsutvikling. Me takkar også alle dei lokale laga som arrangerte innspelsmøta saman med kommunen.