NRK har bestemt at det i år berre vil bli samla inn pengar via digitale løysingar. Det betyr at det ikkje vil koma bøsseberarar som ringer på døra. Men alle skal likevel få moglegheit til å vera med på årets aksjon.

Kommunekomiteen i Sogndal sender ei oppmoding om aktivitet og digital bøssebering til mellom anna folkevalde, lag og organisasjonar i kommunen.

Brevet frå komiteen kan du lesa her (PDF)

- Eg oppmoder alle til å bli digital bøsseberar, seier Vibeke Johnsen, leiar i kommunekomiteen.

- Du registerer deg som digital bøsseberar på www.blimed.no. Der finn du òg informasjon om prosjekta i Søraust-Asia og tips om strandrydding og andre aktivitetar.

Ein fjerdedel av plasten i havet kjem fra Søraust-Asia. Difor er TV-aksjonsmidlane øyremerkte tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Lapp med teksten
Barna i Rones barnehage har hengt opp viktige beskjedar langs fjordstien. (Foto: Vibeke Johnsen)