Prisen er på 30 000 kroner, og skal heidra nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidla eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremja naturmangfald. 

Meir informasjon om prisen og skjema som skal brukast for å nominera kandidatar til prisen, finn du på nettsida til fylkeskommunen

Prisen vert delt ut annakvart år og er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvalteren i Vestland.