No startar eit nytt skuleår og mange små skal gå og sykla til og frå skulen. Greiner som heng ut i vegen/gangvegen kan hindra sikt. Har du avkøyrsle mot veg eller gangveg, har du også ansvar for å syta for fri sikt ved avkøyrsla di (jf. vegloven §31 og §43).

Me håpar alle i Sogndal kommune vert med på dugnaden, finn fram hekksaksa si, og bidreg til eit sikrare trafikkbilete for mjuke trafikkantar. Me ønskjer også at de skal sjå gjennom eigedomen dykkar for å sjå om de har greiner som hindrar sikt til skilt eller lyktestolpar.

Vegetasjon frå privat eigedom som heng ut i offentleg veg, eller som hindrar sikt, er grunneigar sjølv ansvarleg for.

Me i kommunen skal klippa kommunale hekkar for å sikra god sikt, og me tek gjerne imot tips om du ser ein trafikkfarleg hekk som kommunen har ansvar for. Slike tips kan du senda på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no merka "Kommunal hekk".

Krava til sikt mot veg og meir informasjon finn du i brosjyren "Klipp hekkar og busker" (PDF) frå Statens vegvesen og på  vegvesen.no.