På Campus i Sogndal har Sogn Næring drive FUS på oppdrag for Sogndal kommune sidan 2017. Her er gründerar, nyetablerte og meir etablerte føretak samla i eitt arbeidsfellesskap. I Leikanger har næringshagen hatt aktivitet i Bankbygget i over 20 år 

Nyopninga vert ei vidareføring av dette arbeidet, seier Torgeir Skålid i Sogn Næring.  

Kva er FUS?

Omgrepet FUS er kortversjonen av «førstemann til mølla», og vert nytta blant søsken og vener for å erklære førsteretten til noko. FUS-ane legg til rette for ein infrastruktur med arbeidsplassar, stillerom og møterom. I tillegg vil det bli ulike arrangement for å gje fagleg påfyll og skapa sosiale møteplassar.  

Skålid understreka at sjølv om ein no har fylt lokalet med dei fysiske tinga ein treng for å jobba, så er det i dag jobben startar med å gje det innhald og meining. 

Heimflyttar

Emilie Pellegrino som flytte heim att til Leikanger for fem år sidan, og som no fyller rolla som hotellsjef på Leikanger Fjordhotel, meiner FUS-tilbodet er viktig. 

- Eg håpar at ein FUS på Leikanger bidreg til at fleire flyttar heim, og at staden vert meir attraktiv.

Dame i kvit genser snakkar til forsamling.

Kviler ikkje

Sjølv om Sogn Næring har opna kommunen sin andre FUS, så kvilar dei ikkje på laurbæra. Arbeidet med ein FUS på Kaupanger knytt til ViteMeir er alt i gong, i tillegg jobbar dei tett med næringsliv og kommunen for å skapa meir liv i rådhuset i Balestrand.  

- Måten me jobbar på har endra seg, og behovet for fleksible arbeidsplassar veks. Det kan vera såkalla «nummer 2-jobbar» der den eine har fått fysisk jobb på Leikanger, og der den andre har moglegheit til å ta med seg sin jobb og jobba frå heimekontor. Eller der tilsette i kommunen har behov for å ha arbeidsdagar andre plassar enn på sin vanlege arbeidsstad.  

Samskaping

Ordførar Arnstein Menes avslutta opninga med offisiell snorklipping.  

- Ein av verdiane til kommunen er «samskaping», det vil sei at me skal skapa vekst og attraktivitet saman med næringslivet. FUS vil vera viktig i å nå visjonen vår – livskvalitet og utviklingskraft i Sogn.  

Vil du vita meir om FUS, eller treng du eller nokon du kjenner ein fleksibel arbeidsstad? Sjekk ut Sogn Næring sine heimesider