I samband med at regjeringa våren 2023 skal leggja fram ei ny stortingsmelding om distriktspolitikk, inviterte statsråden til innspelsmøte på Campus der det overordna temaet var god samfunnsutvikling i distrikta. Vår ordførar og kommunedirektør gav innspel knytt til næringspolitikk, rekruttering og kompetanse, innovasjon og bustad.

- Som ordførar er eg nøgd med at Kommunal- og distriktsdepartementet valde å legga eit av sine sju høyringsmøte om den komande distriktsmeldinga til Sogndal, seier ordførar Arnstein Menes.

Nyttige innspel

Statsråden fekk omvising på Campus Sogndal og historia knytt til utviklinga av området, og korleis ein skal halda fram med å samskapa og innovera. Bente Mossige Ask, teamleiar for digitalisering i kommunen fekk fortelja om fleire spanande prosjekt som bruk av Minecraft i skulen, og digitalisering av byggdrift med skanning av bygg. Besøket vart avslutta med vitjing hjå Rockethouse.

- Det er mykje som går bra i Sogndal, men me er heile tida på jakt etter å utfordra oss sjølve, våre samarbeidspartar og storsamfunnet på korleis me kan gjera kommunen vår endå betre. Difor nytta me og dagen til å be kommunal- og distriktsministeren styrka den samla innsatsen på kompetanse og utviklingsmidlar til kommunar og regionar i distrikta. «Sogn for alle» vart trekt fram som eksempel på breitt og godt samarbeid mellom kommunane i Sogn, noko ministeren og tok med seg vidare, fortel Menes.

- Eg er imponert over kreativiteten, skaparkrafta og optimismen som rår i Sogndal, og som har bidrege til at kommunen er ein attraktiv distriktskommune både for innfødde og tilflyttarar, seier Gram.

- Campus Sogndal er eit døme på korleis samarbeidet mellom næringslivet, det offentlege, idretten og frivilligheita kan skapa vekst både for den enkelte og for fellesskapet. Eg tek med meg mange nyttige innspel frå dagens møte i Sogndal, som vil bli nyttig i arbeidet med distriktsmeldinga som regjeringa skal leggja fram våren 2023, avslutta statsråden.