Piloten i Sogndal gjeld digital samkonsultasjon/avklaringsamtale med fastlegen og spesialisthelsetenesta på eit tidleg tidspunkt, der det blir vurdert om pasient skal henvisast vidare og eventuelt kvar pasienten skal henvisast. Dagens praksis inneber at fastlegen i stor grad må gjennomføra vurderingane utan tilgang på spesialistvurdering i akutt fase. Digital samkonsultasjon med spesialist vil kunne føra til at vurderinga blir meir treffsikker og presis.

Sist veke deltok Sogndal kommune på eit arbeidsseminar i regi av E-helse Vestland om digital samkonsultasjon Tenesteleiar for legetenester Jan Ove Tryti presenterte der piloten for deltakarar og samarbeidspartnarar.

 

 

 

 

FHI gjennomfører forskningsomtale og metodevurdering i lag med kommunen

Føremålet er:

  • Styrka samarbeidet mellom kommunane i region og spesialisthelsetenesta gjennom auka dialog, utvikling av gode samarbeidsøysingar og teneleg oppgåveløysing.
  • Rask og rett hjelp på rett nivå.
  • Gje innbyggarane i Sogn betre helsetilbod og bringa spesialisthelsetenesta nærmare der pasientane bur.
  • Grøn helse – mindre transport av pasientar, reduserte kostander og miljøavtrykk.
  • Redusere belastninga for pasienten og pårørande med lang reiseveg. 

Sogndal kommune gjennomfører prosjektet i samarbeid med Helse Førde, Folkehelseinstituttet (FHI) og med prosess-støtte frå PAConsulting. Prosjektet får støtte frå FHI, som gjennomfører forskningsomtale og metodevurdering i lag med kommunen.