Sogndal kommune skal fornya delar av Holmatunet og etablera frivilligsentral, bibliotek, ungdomshus og innbyggjarteneste. I tillegg ser kommunen på korleis ein kan skape nye moglegheiter ved å gjere Holmatunet til ein møteplass for lag og foreiningar.

Korleis kan framtidas møteplassar sjå ut? Kva for verdiar finnes i dag som me kan spela vidare på i arbeidet med møteplassar? Kva utfordringar kan me løysa gjennom dei lokale møteplassane våre? 

I dette arbeidet treng me hjelp av balestrendingane sjølve. Dei er ekspertane på sin kvardag og sitt lokalsamfunn, og me ynskjer å høyre deira tankar og meiningar. 

Bur du i Balestrand, eller er du oppteken av sosiale møteplassar? Bli med oss på innbyggarverkstad! 

Korleis fungerer dette? 

  • Du møter opp når det sjølv passar deg. 
  • Me tek deg gjennom ein enkel løype med spørsmål der du får dela dine tankar med oss om kva som er bra i dag, kva for utfordringar som finst i lokalmiljøet og korleis me kan jobba vidare med dette. 
  • Du treng ingen spesielle forkunnskapar for å delta. 
  • Me veit at alle har noko å bidra med. Her er det ope for alle! 

Når skjer det?

Måndag 14. november står me utanfor Holmatunet frå klokka 15-16, og resten av kvelden er me på biblioteket frå klokka 16-19. 

Kom innom når det passar deg!