Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekte tilfeldig frå folkeregisteret, og får invitasjon via SMS og e-post.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Sogndal kommune, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

- Me håper alle i Sogndal kommune som får invitasjon om å delta, vil ta seg tid til å svara. Undersøkinga vil gje oss god kunnskap om korleis innbyggarane våre har det, og etter to år med pandemi, er det særleg viktig, seier Marit Reppen, kommunalsjef for helse og omsorg i Sogndal kommune.

Tolv heldige deltakarar blir trekte ut til å vinna universalt gåvekort – to på 2500 kroner og ti på 1000 kroner.

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus

Kontaktinformasjon til fylkeskommunen:
E-post: folkehelse@vlfk.no
Tlf.: 51207150