Me har no eit viktig høve til å påverke korleis reiselivet i kommunen og regionen skal utviklast i tida frametter. VisitSognefjord, saman med styringsgruppa for Masterplan og kommunane i Sogn, har laga ei innbyggjarundersøking som me håpar at du vil bruke om lag fem minutt på å svare på.

Undersøkinga skal gi innsikt i kva me som bur her tykkjer om turismen og framtidig utvikling. Det handlar ikkje berre om opplevingar for besøkande. 

Visit Sognefjord ynskjer å høyre kva meining folk har om reiselivets påverknad på lokalsamfunnet, korleis me kan utvikle berekraftige tilbod, og om korleis næringa kan bidra til heilårs arbeidsplassar, styrka lokale bedrifter og ei levande bygd for alle årstider.

Svara dine er viktige for toleevneanalysane og moglegheitsstudien, mellom anna gjennom at Vestlandsforsking får tilgang til dataene og kan bruke dei i sin rapport. Undersøkinga er også obligatorisk for reisemål som er del av merkeordninga for berekraftige reisemål.

Det tek berre 5 minutt å svare, og di meining er viktig. Svara dine blir ein del av eit viktig grunnlag for berekraftig reiselivsplanlegging i regionen. 

Lenke til undersøkinga:
Velkommen til ei spørreundersøking om turisme der du bur