Vaksinering mot koronavirus ved Sogndal helse- og omsorgssenter:

  • 28. april klokka 08.30-1200
  • 12. mai klokka 08.30-1200
  • 16. juni klokka 08.30-1200

Det er ope for dropp-inn. Har du vore smitta av koronavirus, må det gå minst 3 månader før neste dose. 

Vaksinering mot koronavirus ved Leikanger legesenter:

  • 27. april
  • 18. mai
  • 1. juni

Vaksinering mot koronavirus ved Balestrand legekontor:

  • 19. mai
  • 9. juni

Personar over 80 år kan få dose 4 om dei ynskjer det. Dei kan ikkje ha hatt korona etter dose 3, og det må gå 4 månader etter dose 3 før dose 4. Kommunen vil ikkje kalla inn folk til slik vaksinering. Det er mest aktuelt for dei som skal ut og reisa til område der koronasituasjonen er annleis enn i landet vårt. Dei over 80 år som ynskjer dose 4, kan ta kontakt med sitt legekontor.

Frå 1. mai vil me avvikla nettløysinga c19.no for bestilling av PCR-test. Om du treng PCR-test etter dette, må du ta kontakt med Sogndal legesenter på tlf. 57629700, Leikanger legesenter på tlf. 57 65 27 20 eller Balestrand legekontor på tlf. 57 65 13 00. PCR-test ved utanlandsreise må skje på flyplassen.