Målet er i størst mogeleg grad å redusera konsekvensane av slike uynskte hendingar.

Beredskapsplan for kriseleiing omhandlar kommunen si handtering av ein krisesituasjon. I den er nokre tenester særleg omtalt:

  • Helse- og sosialtenesta
  • Vassforsyninga
  • Brannvern og redning  
  • Hendingar som direkte eller indirekte råkar born i skule og barnehage 

Kommunen sin beredskapsplan vert og samordna med andre relevante beredskaps- og kriseplanar.

Kven utgjer kriseleiinga?

Faste medlemmar Medlemmar - avhengig av situasjon
Kommunedirektør Avdelingsleiar IKT
Ordførar Tenesteleiar teknisk drift
Kommunikasjonsrådgjevar Avdelingsleiar innbyggartorg
Kommunalsjef, stab og støtte Sogn Brann og Redning
Kommunalsjef, plan og samfunn Politi - Sogndal
Kommunalsjef, helse og omsorg Røde Kors - Sogndal, Ev. anna avdeling avhengig av situasjon/lokalisering
Kommunalsjef, oppvekst Sivilforsvar Sogndal
Kommuneoverlege  
Beredskapskoordinator/CIM-ansvarleg  

Alle har ein eller fleire vararepresentantar som kan ta over dersom det skulle vera naudsynt

Andre deltakarar

Medlemmar som ikkje er faste, vert kalla inn etter behov. Leiar kan supplera og forsterka kriseleiinga med personar med naudsynt fagkompetanse. Medlemmar kan bli nytta til andre oppgåver om deira fagrolle vert avgrensa i ei konkret hending. 

Oppgåver

Kriseleiinga si oppgåve er mellom anna å skaffa oversyn, ta avgjerder om tiltak og planar, prioritera bruk av tilgjengelege ressursar, syta for informasjon til innbyggjarar og media og rapportera til statsforvaltaren.

Kommunedirektøren skal syta for at dei som har ei rolle i kommunen si kriseleiing, samt andre tilsette med beredskapsoppgåver, er kjende med oppgåvene og har fått naudsynt innføring og opplæring. For å bu seg på dette, er det øving på Beredskapsplan for kriseleiing kvart år. Statsforvaltaren gjennomfører og øvingar. 

Roller

Det er kommunedirektøren, eller den kommunedirektøren peikar ut, som er leiar av kriseleiinga, og som har det overordna informasjonsansvaret. Det er ordførar, eller den han peikar ut, som skal handtera informasjon til media. Til å førestå sjølve informasjonsarbeidet kan kriseleiinga nytta seg av ein informasjonsansvarleg.

Ved større hendingar vert det etablert eit eige informasjonskontor/informasjonsstab. Kriseleiinga gjennomfører hyppige stabsmøte.