På programmet i Sogndal står mellom anna eit ope arrangement på plenen mellom Bragebygget og Høgskulebygget på Fosshaugane Campus. Det startar klokka 10 og varer ein knapp time. Her blir det kulturelle innslag, og tale ved kronprisen og ordførar Arnstein Menes.

Elevar, studentar og tilsette ved Kvåle skule, Sogndal vidaregåande skule og høgskulen vil vera til stades. Andre som ynskjer å få med seg arrangementet, må møta opp til det startar klokka 10 og gå inn på området i bakkant ved Sognahallen.

Kronprinsen kjem til Sogndal med kongeskipet onsdag morgon før turen går vidare til høgskulen. Der blir det samtale med forskarar og studentar om klima og klimatilpassing - og presentasjonar frå Sogndal vidaregåande skule, Trudvang skule og Kvåle skule. Kronprinsen skal også møta barn frå Fosshagen utdanningsbarnehage, før turen kring klokka 12 går vidare med kongeskipet utover fjorden til Høyanger.

Innbyggarane i kommunen må gjerne heisa flagget denne dagen - både i Sogndal sentrum og i bygdene som kongeskipet passerer på veg mot Høyanger.

Besøket i Sogndal er ein del av fylkesturen som startar i Aurland og Lærdal 26. september, går vidare til Sogndal og Høyanger 27. september og til Solund 28. september.