Sognametalbandet Vreid, med Sture Dingsøyr, Stian Bakketeig, Jarle Kvåle og Jørn Holen, er dermed vinnar av den andre kulturprisen i Sogndal kommune si historie.

I ei tid der kulturproduksjon har vorte særleg utfordra, grunna pandemien, har vinnaren vore oppfinnsam og møtt publikum på nye digitale flater. Bandet strøymde i 2020 ein konsert frå Sogndalsdalen som hadde 140.000 tilskodarar i løpet av tre døgn. I år har dei hatte premiere på sin eigen film «The Wild North West», som berre premierehelga hadde 60.000 visningar.

Vreid har 9 album bak seg og over 500 konsertar i over 25 ulike land. I dag er Vreid eit av Noregs leiande metalband, med ein musikk i brytning mellom ekstremmetal og klassisk hardrock, og med djuptpløyande tekstar basert på historie, filosofi og litteratur. Historia om Vreid er sterkt knytt til bandet Windir. Windir etablerte det som vert kalla sognametal med musikk forankra i folkemusikk og med historiske tekstar.

- Desse karane og bandet Vreid har noko som Sogndal kommune ynskjer å identifisera seg med. Det er å driva innovasjon og sjå moglegheiter. De fire har eit sterkt engasjement og tru på det de driv på med, alt solid forankra i staden og historia der de kjem ifrå. Dykkar innsats er med og gagna Sogndal-samfunnet, og då fortener de påskjønning og honnør for dykkar verdifulle innsats, sa ordførar Arnstein Menes då han delte ut prisen i samband med møtet i kommunestyret torsdag.

Ordføraren trekte i talen fram at medlemmane i Vreid alltid har lagt vekt på kvar dei kjem frå, og at tilhengjarane deira over heile verda har eit forhold til Sogndal og Sogn. Tidlegare i år fann Vreid og Sogndal fotball saman, med eit non-profitt samarbeid med Vreid-logo på draktene til Sogndal Fotball, der einaste målsetnaden er å løfta kvarandre fram.

Under prisutdelinga på Quality Hotel Sogndal var Sture Dingsøyr og Stian Bakketeig til stades, medan Jarle Kvåle og Jørn Holen deltok på skjerm.

Dei fekk overrekt blomar. Kulturprisen er ei pengegåve på 20.000 kroner og eit kunstnarleg utforma diplom eller kunstverk. Om det lèt seg gjera, vil kommunen markera kulturprisen med ein konsert i kulturhuset.