- 2022 har vore frivilligheiten sitt år. Mange av dei som sjølve er kunstutøvarar legg òg ned ein stor innsats i det å tilrettelegga for andre. Vinnaren av kulturprisen har vore engasjert på mange frontar, sa ordførar Arnstein Menes då han delte ut prisen i kommunestyremøtet torsdag.

Sogndal storband

Årets kulturprisvinnar, Terje Vatlestad, er ein av dei som var med og skipa Sogndal storband i 1979, seinare var han både musikalsk leiar og mangeårig utøvar på trombone, det siste òg i Sogndal musikklag.  

I grunngjevinga for pristildelinga er det trekt fram at Vatlestad gjennom ei årrekkje har teke særleg samfunnsansvar som tilretteleggjar og arrangør. Ei god tilskiping krev ein god produsent, og årets vinnar har med kvalitet bidrege på ei mengd arrangement, med alt frå idé, opplegg og produsjonsansvar.  

På fylkesnivå har han i fleire år produsert «MGP»-junior, og elles ei rad ulike tilskipingar som jubileumskonsertar og markeringar. Ordføraren nemnde Stedje kyrkje 150 år, Sogndal musikkforum sine julekonsertar, Romjulsdraum, opninga av ny Lerumfabrikk på Kaupanger i 1993, vegopning Fjærlandsvegen 1994 og opninga av Vite Meir i 2021. Vatlestad har òg hatt ei viktig rolle på høgskulen, som tilretteleggjar for alt av markeringar der.  

Verdfull og framifrå innsats

Kulturprisen skal påskjønna verdfull og framifrå innsats innan det profesjonelle og frivillige kulturfeltet. Prisen kan gå til einskildpersonar, lag og organisasjonar eller institusjonar. Prisen skal stimulera til vidare innsats og synleggjera bidrag som har - eller vil - gagna samfunnet i Sogndal kommune.

Prisvinnaren fekk eit kunstverk av kunstnar Giuseppe Miconi, busett i Balestrand, og ei pengegåve på 20 000 kroner. Kommunen har – etter ein konkurranse for kunstnarar i kommunen sist vinter – kjøpt fire kunstverk av Miconi som skal delast ut til kulturprisvinnarane. Kulturprisvinnarane i 2020 og 2021, Geir Hjetland og Vreid, får også kvar sitt kunstverk.