- Årets vinnar av kulturprisen har gjort seg bemerka gjennom ei eineståande evne til å kombinera kultur, samfunnsengasjement, frivilligheit og lokal identitetsbygging. Med utrøytteleg innsats, ustoppeleg humør, eit ope sinn og ei ja-innstilling til nye, gode idear har årets vinnar bidrege til kulturhendingar som inkluderer både fastbuande og tilreisande, sa ordførar Stig Ove Ølmheim då han annonserte vinnaren i kommunestyremøtet torsdag.

30 år som nøkkelperson og pådrivar

Ordføraren trekte vidare fram at skal ein skildra årets vinnar med nokre få ord, må dei vera: Energi, uthald, glede, humor og pågangsmot.

Roar Werner Vangsnes har dei siste 30 åra vore nøkkelperson og pådrivar for fleire store og årvisse arrangement i heimbygda Leikanger:

  • Styremedlem i Opplev Leikanger og 25 år som pådrivar for Fruktbare dagar
  • Medgrunnleggar og 30 år som motor for Kjeringi Open
  • 20 år som revysjef for Palmerevyen – landets lengstlevande revy
  • Ein mannsalder med variert, systematisk og frivillig innsats for lokalsamfunnet og kulturlivet

Hans personlege eigenskapar og fellesskapstenking har gjort at mange har fått kjenna på fellesskapskjensla og tilhøyrsla, å få vera del av noko. Hans sosiale og omgjengelege vesen gjer at han kjem i kontakt med og dreg med seg folk, både til frivillig arbeid og som sponsorar, heiter det i grunngjevinga for tildelinga av prisen.

- Skapa noko i lag med andre

Roar Werner Vangsnes var til stades i kommunestyremøtet og fekk overrekt prisen frå ordføraren. Prisvinnaren takka dei som har nominert han, og understreka at dette er ei utmerking han set svært stor pris på. Vangsnes trekte vidare fram det å ha gode relasjonar, både i heimen og til dei han engasjerer seg saman med, som viktig når ein skal halda på år etter år.

- At eg har så mange fantastiske menneske rundt meg, er viktig. Det er nesten ingenting som er så kjekt som å skapa nokon i lag med andre med basis i det frivillige kulturarbeidet, gjerne også i lag med profesjonelle aktørar. Og ikkje berre her i Leikanger, men i heile kulturkommunen Sogndal. Eg håpar denne kulturprisen kan inspirera andre til styrka innsats både i og for kulturlivet, sa Vangsnes, før han takka for prisen med song frå talarstolen.

Kulturprisen skal påskjønna verdifull og framifrå innsats innan det profesjonelle og frivillige kulturfeltet. Prisen kan gå til einskildpersonar, lag og organisasjonar eller institusjonar. Prisen skal stimulera til vidare innsats og synleggjera bidrag som har eller vil gagna Sogndal-samfunnet. 

Prisvinnaren i 2023 får eit kunstverk av Giuseppe Miconi – kunstnar busett i Balestrand – og ein pengepremie på 20.000 kroner. 

Tidlegare prisvinnarar er:

  • 2020 Geir Hjetland
  • 2021 Vreid
  • 2022 Terje Vatlestad 

Meir informasjon om kulturprisen for Sogndal kommune

Du kan sjå prisoverrekkinga i starten av sendinga frå kommunestyremøtet