Oversyn over heile programmet finn du her Det meste er gratis, og det er lurt å sikre seg billettar til ungdomskonserten 5. januar og festførestillinga 11. januar.

Her er nokre stikkord frå programmet som ei politisk arbeidsgruppe har ansvar for, etter innspel frå ulike kulturaktørar: 

FestforestillingNY[3]

Festførestillinga kultur frå ein ny kommune Leikangerhallen 11. januar

Hovudarrangementet blir i Leikangerhallen laurdag 11. januar kl. 18.00.

Programmet syner breidda i kulturlivet i den nye kommune. Det vert mange ulike uttrykk, mange aktørar og eit stort spenn i sjanger. Det går rykte om nokre møte på scenen som vil overraska. Her må du vera til stades. 

Sjå plakat og kor du får tak i gratis billettar.

Fakkeltog/markering nyttårskvelden

Det vert fakkeltog i Balestrand og Sogndal kl. 16.00. I Leikanger vert det ei markering kl. 17.00, straks etter gudstenesta er ferdig, framfor tinghuset. Alle plassar er det innkjøpt faklar. 

Avslutningsvis vert ein symbol tent, laga av Geir Hjetland, der tre ringar inni ein større, vil lyse, eitt symbol på at vi tek med oss det beste frå kvar av dei gamle kommunane, til noko vi trur vert noko betre.

Minikonsertar/tettstadvandringar

Tre laurdagar på rad vert det det konsertar på sentrale plassar og lokale tettstadvandringar. Ideen er å invitere naboen som slik får høve til å verta betre kjent med tre av dei bygdene som utgjer Sogndal kommune. 4. januar skjer dette i Sogndal, 11. januar i Leikanger og 18. januar i Balestrand.

Secondhand Saints[3]
Secondhand Saints frå Balestrand deltek på ungdomskonserten.

Ungdomskonsert Studenthuset 5. januar

Det vert gratis ungdomskonsert på Meieriet 5. januar.

Desse kjem:

  • Markus Neby, kjent som NRK-programleiar og frå P3 Morgen
  • Hard to live (Frå Leikanger)
  • Secondhand Saints (Frå Balestrand)
  • Louise Tveito (m/vener) (Frå Kaupanger)

Konserten startar kl. 19:00 og er ferdig ca. kl. 21:30.
For å få billett til konserten må du registrere deg her på deltager.no.