Sogndal kommune innviterar no alle innbyggarane til å komma med sine forslag til kva denne salen skal heite. Alle forslaga vil verte sende til kommunen sitt kulturråd, som basert på framlegga vil skriva ei innstilling til kva kultursalen skal heite. Innstillinga vert sendt til utval for levekår for vidare handsaming og til sist til kommunestyret for endeleg vedtak. 

Den nye kultursalen i Saften vert ein viktig møtestad, spesielt for lokalsamfunnet på Leikanger. Eg håpar alle som har tankar om kva salen bør heite sender inn sine forslag, seier ordførar Stig Ove Ølmheim. 

Har du eit godt forslag? Nøl ikkje med å senda det inn! Forslaget som endar opp med å bli brukt vil få 2 billettar til eit valfritt kommande arrangement i kultursalen i premie. 

Slik sender du inn forslaget ditt:

Forslaget ditt, inkludert ei kort grunngjeving, sender du til postmottak@sogndal.kommune.no med «Namneforslag kultursal Saften» i emnefeltet. Frist for å sende inn forslag er 1. april.