Før sommarferien vart forslaget til ny arealplan publisert på utfordrarbygda.no. Der vart innhaldet i planforslaget forklart, og me bad om innspel. Då høyringsperioden var over 15. september, kunne me telje opp nesten 250 merknader frå innbyggjarane våre! Det vitnar om at arealplanen er viktig for folk, og at kommunestyret får ein viktig jobb med å ta stilling til merknadene seinare i vinter. Her kjem ei klargjering av det som skal skje vidare, så godt det let seg gjere no.

Under høyringsperioden fekk me både merknader frå innbyggjarar og høyringsuttaler frå regionale etatar, til dømes Statsforvaltaren, Statens vegvesen og NVE. Etatane har som oppgåve å sjå til at arealplanen vår er i tråd med regjeringa sin arealpolitikk. Fleire etatar meinte at planen ikkje følgjer opp nasjonale føringar godt nok, og varsla derfor om motsegn til planen. Det betyr at kommunestyret vårt ikkje har myndigheit til å vedta planen før motsegnene er løyste. Arbeidsgruppa for arealplanen har derfor brukt tida i haust til å finne moglege løysingar på motsegnene som me skal leggje fram for politisk handsaming seinare i vinter.

6. desember har Statsforvaltaren kalla inn Sogndal kommune til dialogmøte om arealplanen. Dei har også invitert dei andre regionale etatane som varsla motsegn til planen. I møtet får me høve til å legge fram løysingsforslaga våre og drøfte med etatane korleis me kan utarbeide ein plan som følgjer opp satsingane frå samfunnsplanen og samtidig er i tråd med den nasjonale arealpolitikken. Neste steg er ei politisk handsaming av merknadene og høyringsuttalene som kom inn under høyringsperioden, og kva som skal takast inn i eller ut av planen. Dette vil skje i løpet av vinteren, og då vil me også lage ein framdriftsplanen for arbeidet fram mot endeleg vedtak av arealplanen.

Interessert i å lese arealplanen? Sjå: Arealplan for Sogndal kommune 2023-2033 (utfordrarbygda.no)