Du har røysterett ved stortingsvalet dersom du

  • er norsk statsborgar
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Veljarar busett i Noreg blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett 30. juni i valåret.

Manntalet vil, så snart det er klart, bli lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset i Balestrand, Joker Fjærland, tinghuset på Leikanger, Coop Extra Kaupanger og kommunehuset i Sogndal.

Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk innført i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søka din siste bustadkommune om å bli ført inn i manntalet. Dersom du aldri har vore folkeregisterført som busett i Noreg, skal du søka til Oslo kommune.

Du søker ved å skriva under på omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsrøysting utanriks, eller du kan søka på skjema nedanfor samtidig som du røystar. Søknaden må innehalda ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Frist, kl. 17.00 dagen etter valdagen. Søknadsskjema.

Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at feilen blir retta opp.
Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve, og sendast til: Sogndal kommune, valstyret, Postboks 153, 6851 Sogndal.
Sjå vallova § 2-7.