Tilbodet kan nyttast i Sogndal kommune og reiser til/frå nabokommunar til rusfrie fritidstilbod. Tilbodet gjeld alle dagar i veka.

Ungdommane bestiller transporten sjølve. De opplyser ved bestilling om at de ynskjer å nytta dykk av LTU / UT i Sogndal. De må oppgje kor mange de er, og kva reisa skal nyttast til.

Minimum tal passasjerar for å nytta seg av tilbodet er to passasjerar. Ein i reisefølgje må oppgje namn og telefonnummer. Kvar ungdom må betala ein eigendel på 50 kroner per tur.

Tilbodet gjeld for ungdom som fyller 13 år det året til og med ut året dei fyller 18 år. Er nokon i reisefølgje over 19 år, må desse betala fullpris. Transportøren sender faktura til ungdomsavdelinga i Sogndal kommune. Går det buss eller anna offentleg transport innan ein time, må ungdommane venta på dette.

Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune har samla dei resterande midlane frå dei gamle kommunane til eit fond, og vil - saman med ungdomsrådet i Sogndal - søkja om LTU-midlar så lenge fylkeskommunen lyser ut midlar.

Tilbodet kan nyttast frå 18. juni, og de tek kontakt med den sentralen som er nærast dykk:

Sogndal taxi: Tlf. 57 67 10 00

Leikanger taxi: 57 65 31 23

Balestrand taxi: 95 95 61 13

UT i Sogndal – transport for ungdom (PDF)