Etter nyttår kjem meldingane frå brannførebyggaren ut med ei lenke for svar. Der vil det vera høve til å svara om du gjer klart for feiing eller ikkje - eit ja eller nei. I tillegg er det eit felt for fritekst kor du til dømes kan skriva inn om det skal feiast frå loft, om du ønskjer at brannførebyggaren tek ut sota for deg, eller om det er andre spesielle forhold den som kjem, bør kjenna til.